Spektrogram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Typisk spektrogram av dei talte orda «nineteenth century».Dei lågare frekvensane er tettare fordi det er ei mannleg stemme. Forklaringa til høgre syner at fargeintensiteten aukar med tettleiken.

Eit spektrogram eller sonogram er ein visuell representasjon av eit spektrum av frekvensar i ein lyd eller andre signal som varierer med tida eller ein annan variabel.

Spektrogram vert nytta til å identifsere talte ord fonetisk og til å analysere forskjellige rop og kall frå dyr. Dei vert mykje nytta innan musikk, sonar, radar og talehandsaming,[1] seismologi og anna.

Instrumentet som vert nytta til å skape spektrogram heiter ein spektragraf.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. JL Flanagan, Speech Analysis, Synthesis and Perception, Springer- Verlag, New York, 1972