Spektrometer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gammalt skulespektrometer.
Foto: Hannes Grobe
Skisse av spektroskop med prisme.
Gitterspektrometer der lys frå ein kjelde A kjem via inngangsspalta B og holspegel C parallelt inn på eit vendbart refleksjonsgitter D. Dei ulike bølgjelengdane blir fokuserte av holspegel E på utgangsspalta F.

Spektrometer er eit optisk instrument brukt for å analysera eigenskapane til elektromagnetiske spektrum, som lys. Ein måler ofte intensiteten til lyset, men kan også ta for seg til dømes polarisering.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eit spektrometer har ofte ei spalte for å fokusera bølgjene som kjem inn. Bølgjene blir så spreidde av eit diffraksjonsgitter eller eit prisme.

Detektoren i spektrometeret kan vera følsam for temperatur, ein partikkelteljar eller ein fotomultiplikator. Ei spalte framfor detektoren kan anten flyttast forbi han eller saman med han langs spekteret. I eit magnetisk spektrometer vil som regel begge vera faste medan ein flytter spekteret ved hjelp av eit variabelt magnetfelt.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Spektroskop kan mellom anna brukast til å finna ut kva bølgjelengder lys frå ein viss kjelde inneheld, og gjennom dette slå fast kva stoff det er sendt frå. Spektroskopi kan dermed nyttast innan astronomi, til å studera stjerner, eller til å analysera ulike stoff i kjemi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.