Spelemannslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit Spelemannslag er ein samskipnad av spelemenn, gjerne med det føremålet å ta vare på den lokale tradisjonsmusikken i eit område. Denne typen spelemannslag har preg av å vera ein interesseorganisasjon, som syter for rekruttering av nye spelemenn og tradisjonsberarar. Dei ulike spelemannslaga er i dag rekna som delgrupper under Landslaget for spelemenn, og tilslutta dette.

Mange spelemannslag i dag nyttar ofte nemninga «spel og dansarlag», av di dansarane i folkemusikkrørsla og med tida vart tilslutta laga. Nokre stader, som i Vinje, er det skild mellom spelgruppa og dansargruppa (Vinje spelemannslag og Vinje Dansarring).

Ulike spelemannslag tek kvart år på seg å arrangere Landskappleiken, stødd av LFS. I 2009 vart Landskappleiken arrangert i samarbeid mellom Geilo Spelemannslag og Ål Spelemannslag.

Det finst grovt sett eit spelemannslag for kvar kommune innanfor hardingfeleområdet. Soleis er det fem aktive lag i Valdres, eit svært aktivt folkemusikkområde. Nokre lag kan reknast som "sovande".

Ulike lag[endre | endre wikiteksten]

Valdres[endre | endre wikiteksten]

Hallingdal[endre | endre wikiteksten]

Numedal[endre | endre wikiteksten]

Telemark[endre | endre wikiteksten]

Hordaland[endre | endre wikiteksten]

Sogn og Fjordane[endre | endre wikiteksten]

Møre og Romsdal[endre | endre wikiteksten]

Hedmark[endre | endre wikiteksten]

Gudbrandsdalen[endre | endre wikiteksten]

Oslo[endre | endre wikiteksten]

Andre grupper med skyldte arbeidsområde[endre | endre wikiteksten]