Spelet dam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Startoppstillinga i dam. Det vert berre spelt på dei mørke felta.

Dam er eit taktisk brettspel som vert spela på eit sjakkbrett (8x8 felt) eller på eit brett med 10x10 felt. Berre det eine fargefeltet vert brukt. Brikkene er flate og sirkelforma og vert flytta diagonalt som til dømes ein løpar i sjakk. Det finst fleire ulike regelsett i dam. Felles for alle er at ein startar med 12 eller 20 brikker avhengig av brettstorleiken. Målet er å slå ut motstandaren sine brikker ved å hoppe over dei. Til hjelp til dette kan ein få oppgradert brikkene sine til kongar ved å ta dei til motstandaren si baklinje. Ein konge har ulike fordelar alt etter kva reglar ein spelar etter. Den viktigaste er at ein konge kan hoppe lengre hopp enn dei vanlege eittfeltshoppa.

Dei mest offisielle reglane er dei reglane ein spelar med i Russland og Nederland. Her er det turneringar og rating som i sjakk, og det vert også arrangert verdsmeisterskap.

Dam på 64 felt er i moderne tid grundig analysert. Utrekningar syner at spelaren som trekkjer først, alltid vil vinne dersom det ikkje blir gjort feil. I meisterskap vert det difor spelt med 10x10 felt for å auke vanskegraden. Dam på 64 felt er likevel komplisert nok til at det kan spelast med varierande utfall for amatørspelarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]