Spellemannprisen 1994

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1994 blei delt ut våren 1995. Øystein Sunde vann prisen for Årets spellemann og blei dermed den einaste som har vunne denne utmerkinga to gongar. Første gong var under 1989-utdelinga. I tillegg blei han kåra til Årets spellemann som medlem av Gitarkameratene under 1990-utdelinga. Anne Grete Preus blei årets store vinnar og vann tre prisar for albumet Millimeter.

Det var ellers store endringar i kva for klassar det blei delt ut pris for dette året, og det blei berre delt ut 11 prisar mot 13 året før. Nye klassar var «årets låt» og «årets album». Sistnemnde blei berre utdelt i to fleire gongar før han kverva. Klassane kvinnelege artist og mannlege artist var attende etter 16 år, og klassen «pop» var erstatta med klassen «gruppe». Det blei ikkje delt ut priser innan «rock», «vise», «kammermusikk», «orkestermusikk» eller «open klasse» dette året. Borte for godt var klassane «roots & country» og «underhalding».

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Klasse Artist Tittel
Kvinnelege artist Anne Grete Preus Millimeter
Mannlege artist Jonas Fjeld Nerven i min sang
Gruppe Tre små kinesere Hjertemedisin
Folkemusikk/gammaldans Knut Buen/Leif Rygg/Kåre Nordstoga Bjølleslåtten (slåttar etter Ola Mosafinn)
Jazz Egil Kapstad Trio Remembrance
Klassisk musikk/samtidsmusikk Håkon Austbø Messiaen - Vingt Regards
Barneplate Terje Formoe Kaptein Sabeltann og hemmeligheten i Kjuttaviga
Årets låt Anne Grete Preus «Millimeter»
Årets album Anne Grete Preus Millimeter
Årets nykomar Weld Natural Tools
Årets spellemann Øystein Sunde

Kjelder[endre | endre wikiteksten]