Spellemannprisen 1997

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1997 blei delt ut i Chateau Neuf fredag 3. april 1998. Espen Lind vann heile tre prisar for albumet sitt, Red, og singelen «When Susannah Cries». Bjørn Eidsvåg blei Årets spellemann, og Lene Nystrøm fekk heidersprisen frå juryen dette året. Ein ny klasse som kom dette året var «hardrock», som blei vunne av Motorpsycho.

For første gong var prisutdelinga todelt. Første del blei via pop, rock og liknande klassar, medan andre del femna kategoriar som folkemusikk, gamaldans, jazz og viser. NRK produserte og overførte utdelinga og Claus Wiese og Herborg Kråkevik leia kvar sin del.

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Klasse Artist Tittel
Popsolist Espen Lind Red
Popgruppe Velvet Belly Lucia
Rock Poor Rich Ones From the Makers of Ozium
Hardrock Motorpsycho Angels and Daemons at Play
Dance/techno Palace of Pleasure Emperor Norton
Folkemusikk Ragnhild Furholt Segner syng
Danseorkester/gammaldans Gluntan Levandes live
Jazz Vigleik Storaas Trio Andre bilder
Klassisk musikk Sigurd Slåttebrekk Maurice Ravel: Musikk for piano
Samtidsmusikk Trond Sæverud Ghosts: Fiolinmusikk av Hvoslef, Nordheim og Haugland
Viser og viserock Odd Børretzen og Lars Martin Myhre Vintersang
Open klasse Nils Petter Molvær Kmher
Barneplate Petter Moen og Øyvind Gravdal Livet i Lyriaka
Årets artist Espen Lind
Årets nykomar Locomotives Spin
Årets låt Espen Lind «When Susannah Cries»
Årets spellemann Bjørn Eidsvåg
Spesialprisen frå juryens Lene Nystrøm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]