Spellemannprisen 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 2008 vart delt ut i Oslo Spektrum i Oslo laurdag 24. januar 2009. Espen Lind vart kåra til Årets spellemann, Madcon vann den nyoppretta prisen «årets eksportpris», og «Take on Me» med a-ha fekk eingongsprisen «tidenes VG-listelåt». Det vart delt ut prisar i heile 27 klassar dette året, det høgaste nummeret på prisar som har vore delt ut under ei Spellemannutdeling. Nytt av året var tre prisar til opphavsmenn som vart delt ut i samband med TONO. Dei tre klassane er «årets samtidskomponist»,« årets populærkomponist» og «årets tekstforfatter».

Då påmeldingsfristen gjekk ut i desember 2008, var det registrert 599 påmeldingar. Mellom desse vart dei nominerte i sjangerklassane plukka ut og offentleggjort 6. januar 2009 medan dei nominerte i opphavsprisane vart offentleggjort 12. januar. Vinnaren av dei ulike klassane, inkludert Årets spellemann, vart så kåra av ein jury, med unntak av kategoriane «årets musikkvideo», «årets hit» og spesialprisen «tidenes VG-listelåt». For desse fekk publikum høve til å stemme fram vinnaren. For prisane «Årets spellemann», «årets eksportpris» og «bransjeprisen» vart det på førehand ikkje offentleggjort nokon nominasjonar.

Prisen for årets musikkvideo vart delt ut dagen før hovudutdelinga på TV 2-programmet Fredag og gjekk til Madcon for videoen til songen «Liar» regissert av Kaveh Tehrani.

Prisutdelinga vart overført direkte på TV 2, med Harald Rønneberg og Thomas Numme som programleiarar.

Musikalske innslag under utdelinga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarar[endre | endre wikiteksten]

Klasse Artist Tittel Plateselskap
Kvinneleg artist Maria Mena Cause and Effect Sony Music
Mannleg artist Thom Hell God if I Saw Her Now Voices Of Wonder
Popgruppe Real Ones All for the Neighbourhood Warner Music
Elektronika Lindstrøm Where You Go I Go Too Smalltown Supersound
Samtidsmusikk Ellen Ugelvik George Crumb: Makrokosmos I-II Simax Classics
Rock Lukestar Lake Toba Phone Me
Blues ORBO & The Longshots High Roller Blue Mood/Grappa
Country Ida Jenshus Color of the Sun Universal Music
Metal Enslaved Vertebrae Indie Recordings
Hip-hop Karpe Diem Fire Vegger Bonnier Music
Folkemusikk/gammaldans Gjermund Larsen Trio Ankomst Heilo
Danseorkester Ingemars I Finnskogens Rike Tylden & Co
Jazz Helge Lien Trio Hello Troll Ozella/Musikklosen
Klassisk musikk Henning Kraggerud Eugéne Ysaÿe: Six Sonatas For Solo Violin Simax Classics
Viser Halvdan Sivertsen Mellom oss EMI Music Norway/Nordaførr
Open klasse Farmers Market Surfin’ USSR Ipecac
Barneplate Trondheim Sinfonietta Så rart...! Øra Musikk as
Årets samtidskomponist Risto Holopainen «Garbage Collection» Mere Records
Årets populærkomponist Thom Hell «Darling» frå albumet God If I Saw Her Now Voices of Wonder
Årets tekstforfattar Odd Børretzen «Paradise Bay» frå albumet Syv sørgelige sanger og tre triste' BigBox Music
Årets nykomar Ida Maria Fortress Round My Heart Nightliner/Universal
Årets hit The BlackSheeps «Oro jaska beana»
Årets musikkvideo Madcon «Liar» Bonnier Amigo Music (Regi: Kaveh Tehrani)
Årets spellemann Espen Lind
Årets eksport-pris Madcon
Bransjepris Audun Tylden
Tidenes VG-listelåt a-ha «Take on Me»

Nominerte[endre | endre wikiteksten]

Kvinneleg artist:

Mannleg artist:

Popgruppe:

  • Lester - This Village (Deaf Ear Records)
  • Real Ones - All for the Neighbourhood (Warner Music)
  • The Margarets - Twenty Years Erased (Division Records as)

Elektronika:

Samtidsmusikk:

Rock:

Blues:

Country:

Metal:

Hip-hop:

  • Chris Lee - Worry No (Oslo Records)
  • Karpe Diem - Fire Vegger (Bonnier Music)
  • Madcon - An InCONvenient Truth (Bonnier Amigo Music)

Folkemusikk/gammaldans:

Danseorkester:

Jazz:

Klassisk musikk:

Viser:

Open klasse:

Barneplater:

Årets nykomar:

Årets musikkvideo:

  • Beady Belle - «Self-Fulfilling» (Jazzland Records/Sonet/Universal) Regi: Linda Fagerli Sætren
  • Madcon - «Liar» (Bonnier Amigo Music) Regi: Kaveh Tehrani
  • Madrugada - «Look Away Lucifer» (Malabar Recording Company) Regi: Andreas Nilsson
  • Maria Mena - «All This Time» (Sony Music) Regi: Alex Herron
  • Thom Hell - «My Heart os Longing for a Soul» (Voices Of Wonder) Regi: Hans Lukas Hansen og Håvard Bråthen

Årets hit:

Årets samtidskomponist:

Årets populærkomponist:

  • Ingrid Olava – «Back to Love» frå albumet Juliet’s Wishes (EMI Music Norway)
  • Thom Hell – «Darling» frå albumet God If I Saw Her Now (Voices of Wonder)
  • Odin Staveland – «St. Mandag» frå albumet St. Mandag av Vamp (Majorstudio)

Årets tekstforfattar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]