Spelteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Spelteori er ein matematisk teori som analyserer strategiske interaksjonstilhøve («spel») der fleire aktørar («spelarar») skal velje mellom alternativ (strategiar) på grunnlag av sine eigne preferansar når det gjeld dei mogelege utfalla, og med meir eller mindre fullstendig kjennskap til dei øvrige valmogelegheitene og preferansane til dei andre spelarane. Teorien vart utvikla av ungarsk-amerikanaren John von Neumann i 1928. Ein spelar kan her vere eit individ, ei gruppe, ein organisasjon eller eit samfunn, «naturen» eller «slump». Utfallet er avhengig av alle vala til spelarane, og ingen har full kontroll over av avgjerslene til dei andre spelarane. Kva for val som er det beste for ein spelar, er derfor normalt avhengig av kva dei øvrige spelarane vel.

Spela vert delt inn i klassar som til dømes spel mot naturen, to-person-spel og n-person-spel, endelege spel (spel med ei endeleg mengd strategiar), ikkje-endelege spel osv. Med strategi meiner ein ein plan som inneheld eintydige forskrifter for alle dei situasjonane som kan oppstå i løpet av spelet. Graden av konflikt er ein viktig dimensjon. I null-sum-spel (konstant-sum-spel) medfører alle auke i utbytte til ein spelar (nytteverdi) eit tilsvarande tap for ein eller fleire andre spelarar. I topersons null-sum-spel er interessene til spelarane heilt motstridande. I variabel-sum-spel er interessene dels motstridande, dels samanfallande eller heilt ut samanfallande.

Spelteori har hatt tyding for statistisk desisjonsteori og vert nytta i delar av økonomisk teori. Element av spelteori har òg vist seg nyttige i statsvitskap, sosiologi, sosialantropologi og psykologi, og teorien er vidare nytta for å løyse militærstrategiske problem og sjå på spørsmål i samband med rustingskontroll og nedrusting. Problem i spelteori har òg stimulert diskusjonen av visse moralfilosofiske problem.

Innanfor samfunnsøkonomien utvikla nobelprisvinnar John Nash (1994) teorien vidare til å omfatte meir enn to spelarar. Andre som har fått nobelprisen for bidrag innan spelteori er Reinhard Selten og John Harsanyi i 1994 og Robert J. Aumann og Thomas C. Schelling i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]