Spikar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spikar.
Foto: Arnold Reinhold
Fleire spikar.
Spikar i tre.
Foto: Marcos André

Ein spikar er ein pinneforma gjenstand, framstilt av eit hardt metall, med ein spiss i den eine enden og ei utviding («hovud») i den andre. Spikar vert nytta til å halde materiale saman, til dømes treverk mot treverk, eller treverk mot betong. I dag er det vanlegast med spiker av stål, medan i førmoderne tid blei dei gjerne laga i jern.

Spikaren verker ved at ein slår han gjennom materiala som skal festast, slik at han sit inni dei. Friksjonen mellom spikaren og materiala gjer at dei sit saman. Spesielt store er de tversgåande kreftene i ein spikar, noko som gjer at to materiale som er slått saman har ein svært stor tversgåande styrke.

Ein kan slå inn ein spikar med hammar eller spikarpistol.

Dimensjonane til ein spikar reknast ut i frå to mål; lengde og tjukkleik. Spikar delast inn i fleire kategoriar, avhengig av kvar spikaren skal nyttast og til kva slags utsjånad resultatet skal få.

Typar[endre | endre wikiteksten]

To vanlege typar er stoppspikar og dykkertspikar. Kvar av desse typane kan verte behandla i ein kjemisk prosess, for å auke haldbarheita eller endre på utsjånaden.

Stoppspikar[endre | endre wikiteksten]

Denne typen spikar nyttast primært til å feste trevirke, kor kravet til feste mellom dei to emna er viktig. Denne typen spiker vert óg kalla hammarspikar. Hovudregelen til spikaren si lengde er at han er 3 gongar så lang som tjukkleiken på det materialet som skal festast.

Stoppspikar og i bruk Stoppspikar i bruk

Dykkertspikar[endre | endre wikiteksten]

Denne typen spikar nyttast primært til å feste materialar kor vert lagt vekt på at spikaren ikkje er så synleg. Slike spikrar gjev eit godt hald mellom materiala, men ikkje godt nok feste til ytterlegare belastingar. Typiske bruksområde er feste av listverk.

Dykkertspikar

Galvanisering[endre | endre wikiteksten]

For å forbetre haldbarheita eller utsjånaden kan ein spikar verte galvanisert. Det er to typar galvanisering som nyttast; varmforsinka og elektrolyseforsinka (forkortast som oftast til elforsinka).

Varmforsinking aukar haldbarheita monaleg. Elektrolyseforsinking aukar haldbarheita noko, men påfører òg spikaren eit tynt blankt lag. Dette gjer spikaren blankare, og meir teneleg til innvendig bruk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Heilt attende til tida då menneska byrja smelte om jernmalm til jern har ein kjend til metallet sin evne til å feste saman trestykke. Frå starten og fram til 1800-talet vart all spikar laga for hand. Romarane laga spikrar av jern, kor smedane slo spikrane firkanta. Denne spikaren vart jamnt tynnare jo nærare spissen ein kom, og hovudet var monaleg større enn i dag. På denne tida vart spikrane primært nytta til å feste kledning av treverk kring festningane, samt feste av tømmertak på hus og festningar. På det romerske fortet Inchtuthil i Perthshire, Romerane sitt nordlegaste fort i Skottland, er det vorte funne 875.000 spikar (som veg 7 tonn).

Sakte vart maskiner introdusert i produksjonen. Den fyrste kjende maskina som vart brukt til produksjon av spikrar, stammar frå kring 1600. På 1800-talet hadde ein maskiner som produserte hele spikrar. Desse maskinene var tredelte, og erstatta primært dei delane ein til då hadde nytta for å lage spiker. Fyrste del forma tjukkleiken på spikaren (framleis var spikrane firkanta eller trekanta). Del nummer to heldt eit godt tak kring spikaren, medan tredje del laga hovudet. Del to vridde så spikaren 180°, for å få lengd på han.

I byrjinga av 1900-talet byrja ein å lage spikrar basert på ein rund ståltråd. Denne produksjonen var langt billegare, og difor veldig populær (sjølv om spikrar basert på ein rund tråd var opptil fire gongar svakare enn den gamle spikaren).

Framleis vert nokre spikrar produsert for hand, mest i samanheng med restaurering av gamle hus og byggverk, kor alle delane i restaureringa skal vere så autentiske som mogleg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spikar