Spikkestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit område på Spikkestad
Fabrikken på Spikkestad for framstilling av mjølkekartongar og liknande.

Spikkestad er ein tettstad i Asker kommune i Akershus fylke, namngjeve etter garden Spikkestad, som i si tid avstod grunn til Spikkestad stasjonjarnbanelina Drammensbanen, som då gjekk gjennom Røyken kommune. Jarnbanen gav grunnlag for at det på slutten av 1800-talet vart etablert industriverksemder og skule på staden. Spikkestad stasjon er no endestasjonen for Spikkestadbanen, som vart namnet på denne strekninga av Drammensbanen etter at Drammensbanen vart lagt utanom tidligare Røyken kommune.

I samband med at kartongar skulle avløyse flasker som emballasje for konsummjølk og fløyte her i landet, vart det i 1957 bygd ein fabrikk for mjølkekartongar på Spikkestad. Denne fabrikken inngår no i ei verksemd som har utvikla seg til ein av dei store internasjonale leverandørane av emballasjekartong for mjølk, jus og fruktsaft og så bortetter.

Spikkestad er eit godt utgangspunkt for fot- og skiturar i Kjekstadmarka, eit skogs- og utmarksområde i Asker som er ein part av Oslomarka.