Spikkestad stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spikkestad stasjon, fotografert i 2007. Ein heilt ny stasjon vart teke i bruk i 2012.

Spikkestad stasjonSpikkestad i Røyken kommune er endestasjonen på den einspora lokaljarnbanen Spikkestadbanen (òg kalla Røykenbanen), som er ein sidebane frå Drammensbanen ut frå Asker stasjon.

Stasjonen vart opna i 1885 som ein haldeplass på det som då var Drammensbanen mellom Oslo Vestbanestasjon og Drammen stasjon, og fekk status som stasjon i 1911. Frå 1973 vart stasjon endestasjon på Spikkestadbanen etter at det var opna ei ny og mykje stuttare dobbelspora line for Drammensbanen på strekninga mellom Asker stasjon og Drammen etter ein annan trasé gjennom Liertunnelen. Ein heilt ny Spikkestad stasjon vart teken i bruk i august 2012.

Spikkestad stasjon ligg 37,51 kilometer frå Oslo Sentralstasjon.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]