Spinning Jenny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Modell av den automatiske spinnemaskinen «Spinng Jenny» utstilt på historisk museum i Wuppertal i Tyskland.

Spinning Jenny var den første spinnemaskinen som kunne brukast industrielt. Han blei funnen opp i 1764 av vevaren James Hargreaves frå Lancashire nord i England. Spinning Jenny var ei av dei viktigaste oppfinningane i den industrielle revolusjonen, og hjelpte den britiske tekstilindustrien til å veksa. Namnet kjem av Spinning Engine, 'spinnemaskin', som på folkemunne etterkvart blei til «Spinning Jenny».

Spinnemaskinen fungerte ved at den som spann sveiva på hjulet. Bomullen var karda ferdig og rulla opp på spolar. Deretter trekte maskinen ut og tvinna tråden. Han spant like mykje som 20-30 personar hadde kunna spinna på kvar sin rokk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]