Romsonden Spirit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Spirit rovaren)
Dataanimert bilete av Spirit.

Spirit (opphavleg MER-A (Mars Exploration Rover - A)) var den fyrste av dei to robotiske romkøyretøya i Mars Exploration Rover-prosjektet. Han landa utan problem på Mars den 4. januar 2004 klokka 05:35 norsk tid i Gusev-krateret, tre veker før tvillingsonden Opportunity landa på motsett side av planeten.

Spirit sende dei siste signala attende til jorda 22. mars 2010, då vetteren hadde byrja å setja inn og den tilgjengelege solenergien minka. Roveren hadde då vore operativ i over seks år, medan den planlagde levetida låg på tre månader. NASA melde offisielt at Spirit-prosjektet var over 25. mai 2011 etter at ein ikkje lukkast i å koma i kontakt med Spirit då våren kom. [1]

Fargepanorama i nær-ekte fargar som viser åsformasjonane namnsett til minne om Apollo 1-astronautane. Forsenkinga «Sleepy Hollow» ligg midt på biletet. Dei mørke felta er avtrykk etter luftputene som sikra ei mjuk landing på Mars.
Steinformasjonar nær toppen av «Husband Hill», den høgste av åstoppane i Columbia Hills.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]