Spiss fleinsopp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fleinsopp,
spiss fleinsopp


Psilocybe semilanceata.jpg

Systematikk
Rike: Fungi
Rekkje: Basidiomycota
Klasse: Hymenomycetes
Orden: Agaricales
Familie: Strophariaceae
Slekt: Psilocybe

Spiss fleinsopp (Psilocybe semilanceata) er ein psykoaktiv sopp som inneheld stoffet psilocybin, som gjev ein LSD-liknande rus ved inntak. Soppen veks i ope landskap (aldri i skog), på gjødsla plenar og ofte på beitemarker som har vorte gjødsla av sauer og kyr. Han veks òg på halm.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Plansjeteikning.

Hatten er kjegleforma (klokkeforma), og har ein karakteristisk spiss på toppen, som namnet tilseier. Breidda er 1-1,5 cm og høgda 1,5-2 cm. Fargen kan variere frå veldig ljos gul til mørk brun/grå, oftast sandgrå. I fuktig vêr blir fargen mørkare og glinsande. Hattekanten er fint stripa.

Skivene under hatten er først gråaktige, seinare purpurbrune.

Stilken er ljos, ofte med brun-gule flekker/område, og kan bli svakt blånande mot stilkbasisen. Stilken er lang (4-9cm) og tynn (1-2mm). Karakteristisk for soppen er at stilken er bøygd, og i einskilde tilfelle òg vridt.

Spora ved skivene er 12-15 x 6-9 µm, glatte og ellipsoide. Sporepulveret er purpurbrunt.

Smak og lukt er nesten fråverande. Soppen opptrer som regel gruppevis med nokre centimeters mellomrom, ofte på tuer.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Spiss fleinsopp veks i kjølige, tempererte soner og subarktiske soner over heile kloden. Han er òg utbreidd på det europeiske kontinentet, og dessutan i Storbritannia.

Han veks i heile fastlands-Noreg og er vanleg nordover til Troms.

Kjemi[endre | endre wikiteksten]

Felles for alle psilocybe-soppar er alkaloida psilocybin og psilocin. Begge desse stoffa står oppførte på narkotikalista. I tillegg inneheld dei små mengder av alkaloida baeocystin og norbaeocystin.

Forveksling[endre | endre wikiteksten]

Spiss fleinsopp veks i habitat der det òg finst ei stor mengd andre soppartar som kan sjå like ut. Døme på dette kan vere sitronkragesopp (Stropharia semiglobata), møkkfleinsopp (Psilocybe coprophila), kvit kjeglesopp (Conocybe lactea). Ein generell regel er at unge soppar kan vere vanskelege å artsbestemme.

Verknad[endre | endre wikiteksten]

Tørka eksemplar av spiss fleinsopp - (2-3 dosar).

Tørka, spiss fleinsopp veg mellom 20 mg og 60 mg. Psilocybin-innhaldet i soppen kan variere betydeleg (frå 0,2% til 2% - høgast for unge eksemplar). Sidan 4 mg – 8 mg psilocybin gjev hallusinogene effektar hos menneske, skulle 10 til 20 tørka soppar á 40 mg. gje tilsvarande effekt, men effekten kan altså variere betydeleg.

Ruseffekten av spiss fleinsopp kjem alt frå 15 til 60 minutt etter inntak, og rusen varar i fire til seks timar. Det er ikkje uvanleg med ettereffektar, men ein får normalt ikkje noka dagen-så-kjensle.

Hausten 1960 starta Timothy Leary og kollegaene hans på Harvard university eit prosjekt kalla «Harvard Psilocybin Project». Målet var å analysere verknadene av psilocybin på forsøkspersonar ved å bruke ein syntetisk versjon av stoffet. Psilocybin er ein av to aktive ingrediensar i soppen, og vart laga i samsvar med ei oppskrift av Albert Hoffman, ein forskingskjemikar ved Sandoz Pharmaceuticals. Eksperimentet involverte seinare å gje LSD til doktorgradsstudentar. Timothy Learys konklusjon var at psilocybin hadde ein positiv effekt for studentane, men konklusjonen vart svært kontroversiell.

Soppen har vore kjend under namnet «spiss fleinsopp» sidan 1960-talet, men var relativt ukjend fram til medieoppslag om verknadene i 1977.

Ulovleg eige[endre | endre wikiteksten]

Ein kan ikkje bli straffa for innsamling eller oppbevaring av spiss fleinsopp for artsbestemming, eller av vanvare. Sal eller bruk av soppen kan likevel bli straffa i Noreg.

I 1984 vart ein person frå Salten dømd til 24 dagars fengsel på vilkår for soppmisbruk. Han vart funnen skyldig å ha ete fleinsopp som han hadde plukka i ein park i Trondheim.

I 1985 vart ein mann frå Bodø dømd for å ha drukke te av fleinsopp som han hadde plukka. Retten avgjorde at dette var ein narkotisk drikk, og han fekk 45 dagars vilkårsdom og ei bot.

Medisinsk nytte[endre | endre wikiteksten]

Psilocybin ser ut til å ha ein positiv effekt på migrenepasientar, og pasientar med clusterhovudpine. Sjølv kronisk sjuke har rapportert denne effekten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spiss fleinsopp


Mal:Taksopprydning

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.