Spiss giftslørsopp
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spiss giftslørsopp (Cortinarius rubellus) er ein av dei giftigaste soppane i Noreg. Soppen er vanleg i fuktig, sur granskog i Sør-Noreg og Trøndelag. Han vert 5-13 cm høg, og er raudbrun med gule belte på stilken.
Spiss giftslørsopp inneheld giftstoffet orellanin. Dette verkar sakte og skadar lever og nyrer. Sjølv små mengder sopp kan vera dødeleg.
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
| Denne artikkelen manglar ein taksoboks. Du kan leggja ein til sjølv ved å følga desse retningslinene. |