Spissmus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spissmus


Krattspissmus (Sorex araneus)
Krattspissmus (Sorex araneus)

Systematikk
Rike: Dyr (Animalia)
Rekkje: Ryggstrengdyr (Chordata)
Underrekkje: Virveldyr (Vertebrata)
Klasse: Pattedyr (Mammalia)
Orden: Spissmusdyr (Soricomorpha)
Familie: Spissmusfamilien (Soricidae)
Artar
312 ulike, dei norske er:
Vitskapleg namn
Soricidae
Spissmus
Namn på andre språk
Svensk Näbbmus
Dansk Spidsmus
Engelsk Shrew
Tysk Spitzmaus
Fransk Musaraigne
Spansk Musaraña
Russisk Zemlerojka (Землеройка)

Spissmus (Soricidae) er ein familie av insektetarar. Dei liknar mus på utsjånad, men skil seg frå dei på mange vis ettersom mus er gnagarar medan spissmus er insektetarar. Familien omfattar nokre av verdas minste pattedyr, knøttspissmus er verdas nest minste etter pygméspissmusa Suncus etruscus.[1] ved Middelhavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Spissmus har ein lang, spiss snute, små augo og avrunda øyre som er noko samankrølla. Dei lever mest av insekt og makkar, men nokre artar kan òg ta smådyr av sin eigen storleik. Dei fleste har moskuskjertlar slik at mange rovdyr let vera å eta dei. Nokre har giftig munnvatn, og kan difor drepa byttet sitt ved å bita det.

Livsløp[endre | endre wikiteksten]

Spissmus lever ganske kort, ofte ikkje stort meir enn eit år eller kortare. I løpet av denne tida kan ei hospissmus få fleire kull med to til ti ungar i kvart. Dei vert fødde blinde og nakne.

Spissmus i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst seks artar, nemleg krattspissmus[2] (Sorex araneus), dvergspissmus (Sorex minutus), knøttspissmus[2] (Sorex minutissimus), lappspissmus (Sorex caecutiens), taigaspissmus (Sorex isdodon) og vasspissmus(Neomys fodiens). Sistnemnte et ofte fiskerogn og kan gjere skade.

Andre tydingar[endre | endre wikiteksten]

Namnet spissmus vert òg bruka om dyr som ikkje høyrer til gruppa: springspissmus og trespissmus.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Frislid, Ragnar; Jensen, Birger (1994). Norsk pattedyrhåndbok. H.Aschehoug & Co. (W.Nygaard), Oslo. ss. 322. ISBN 82-03-16641-5. 
  2. 2,0 2,1 Artsdatabanken: Artsnavnebasen Nynorske artsnamn blei forandra til «krattspissmus» og «knøttspissmus» september 2009

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spissmus


Kjelder[endre | endre wikiteksten]