Spissnutefrosk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spissnutefrosk

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Rana arvalis
Rana arvalis

Systematikk
Rekkje: Animalia
Underrekkje: Chordata
Klasse: Amphibia
Orden: Anura
Familie: Ranidae
Slekt: Rana
Vitskapleg namn
Rana arvalis
Spissnutefrosk
Namn på andre språk
Svensk Åkergroda
Dansk Spidssnudet frø
Engelsk Moor Frog
Tysk Moorfrosch
Fransk Grenouille des champs, grenouille oxyrhine
Russisk Ostromordaja ljagusjka (Остромордая лягушка)

Spissnutefrosk (Rana arvalis) er eit amfibium som lever i delar av det sørlege Noreg. Han er om lag 7-8 cm. lang, altså litt mindre enn den vanlege frosken, buttsnutefrosk, og har ein tydeleg spissare snute. I fargen er han ganske lik den vanlege frosken, men den meir einsfarga lyse undersida gjer fargekontrasten til den mørke grå-brune oversida større. I paringstida får hannen ein karakteristisk blå-grå gytedrakt.

Arten er å finna rund Oslofjorden, frå svenskegrensa til skienområdet, med sporadisk spreiing i agderfylka. Vanlege habitat er gardsdammar, grøfter og bekkar og elver med svak straum. Han toler surare vatn enn den vanlege frosken, og er meir knytt til skog. Spissnutefrosken er eit av dei fire amfibia som er oppførde på norsk raudliste 2006, der han er kategorisert som nær trua

I april-mai, avhengig av klima, samlar froskane seg til gyting i dei faste vassamlingane sine. Hannen lokkar med ein rask serie klukkande «wo'uk». Hoa legg 400-2000 egg som er klare, faste, geleaktige klumpar. I motsetjing til den vanlege frosken sine egg, søkk spissnutefrosken sine egg til botn. Rumpetrolla går på land i juli-august, og blir kjønnsmodne etter om lag tre år. Dei overvintrar som regel på botn av ein dam, der dei pustar gjennom huda for å få oksygen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spissnutefrosk
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.