Spitzer Space Telescope

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spitzer-bilete av Andromedagalaksen

Spitzer Space Telescope eller berre Spitzer (tidlegare the Space Infrared Telescope Facility, SIRTF) er eit infraraudt romobservatorium. Det er det fjerde og siste av teleskopa i NASA sitt Great Observatories-program og blei skote opp den 25. august 2003 ifrå Cape Canaveral Air Force Station i Florida. [1]

Spitzer er det so langt største infraraude romobservatoriet og skal studera universet i lysbølgjelengder mellom 3 og 180 mikrometer.[1]

Observatoriet er namnsett etter Lyman Spitzer Jr som var den første til å føreslå å plassera eit større teleskop i bane rundt jorda. [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «About Spitzer» Arkivert 2010-06-06 ved Wayback Machine. - om Spitzer Space Telescope på den offisielle heimesida
  2. «Lyman Spitzer, Jr.» Arkivert 2008-03-27 ved Wayback Machine. - kort biografi om Lyman Spitzer Jr. på heimesida til Spitzer Space Telescope

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spitzer Space Telescope