Spjelkavik kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spjelkavik kyrkje
Spjelkavik kirke
Spjelkavik kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Nordre Sunnmøre
Sokn Spjelkavik
Fellesråd Ålesund
Arkitekt Alf Apelseth
Innvigd 1987
 - Byggjeår 1987
Tårn Frittståande
Sitjeplassar 600
Kart
Spjelkavik kyrkje
62°28′04″N 6°20′52″E / 62.46768°N 6.3478°E / 62.46768; 6.3478
Wikimedia Commons: Spjelkavik kirke

Spjelkavik kyrkje er ei sekskanta kyrkje i betong og tegl, frå 1987.[1] Ho står på Moa i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke, nordvest for Moa-senteret.[2]

Kyrkja vart teikna av Alf Apelseth.[1] Den ytre utforminga av kyrkja, som kan minne om eit stort telt, viser til israelsfolket si vandring frå Egypt til det lova landet. I tillegg til kyrkjerommet inneheld kyrkja kyrkjelydssal med kjøkken, undervisingsrom, ungdomssal, speidarrom, aktivitetsrom for klatring, kontor og ekspedisjon. Kyrkja har frittståande klokketårn.[2]

Rundt på dei 6 veggane har biletkunstnaren Håkon Bleken laga i alt 96 glasmåleri som representerer scener frå heile Bibelen.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Spjelkavik kyrkje», kirkesok.no (på norsk), henta 24. september 2021 
  2. 2,0 2,1 «Spjelkavik kirke», Norske kirker (på norsk bokmål), 28. desember 2016, henta 24. september 2021 
  3. Skurtveit, Nina (20. januar 2010), «Bleken i Spjelkavik», NRK (på norsk bokmål), henta 24. september 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.