Spoiler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bakspoiler på Porsche 911 GT3.

Ein spoiler er ein veng som forbetrar veggrepet til ein bil når farten er stor.

Ein spoiler er ein veng som gjev ei nedoverretta kraft når køyretøyet er i rørsle. Krafta er proporsjonal med farten, så spoilerar er berre effektive i stor fart. Den nedoverretta krafta aukar marktrykket, og dermed friksjonen mellom dekka og vegbanen. Dette gjev betre veggrep og stabiliserer bilen, slik at ein kan halda større fart i sving utan at dekka slepper taket.

bilar er spoilerar utforma som venge som er montert på bakre del av bilen, normalt på bagasjelokket til sedanar. Spoilerar kan også monterast framme på bilar, som ein kan sjå innan racing, ved at ein anten har frittståande venger eller venger montert i samanheng med bilen sin fremre støytfangar. Spoilerar er oftast produsert i plast, aluminium eller komposittmaterial som kolfiber.

Ein annan type spoilerar leiar luftstraumen slik at bakruta vert halden fri for støv. Spoilerar er ofte òg inkludert i stylingkit, som hovudsakleg vert nytta av estetiske omsyn. Rånarar brukar ofte spoilerar for å utsmykke bilane sine.