Spoleto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spoleto
Borga Rocca Albornoziana i Spoleto

Spoleto er ein by og ein kommune i provinsen Perugia i Umbria-regionen i Italia. Byen ligg ved foten av Apenninane, 396 meter over havet, 63 kilometer søraust for provinshovudstaden Perugia. Kommunen har vel 38 000 ibuarar og omfattar ei flatevidd på 350 km².

Spoleto består av ein gammal og ein ny bydel; i den nye bydelen ligg jarnbanestasjonen med samband til Perugia i nord og Roma i sør. Den gamle bydelen er omkransa av ein bymur. Ei stor borg ligg ved byen, der ligg også restane av eit romersk amfiteater. Aust for byen er ein 1800 år gammal akvedukt, vassleidninga er heva opptil 70 meter over dalbotnen.

Kvar sommar vert kunst- og musikkstemnet Festival dei due Mondi avvikla i Spoleto.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Byen Spoletium vert nemnt fyrste gongen i historiske kjelder i 241 fvt. Etter slaget ved Trasimenarsjøen i 217 fvt. vart Spoletium angripe av Hannibal, men byen klarte å slå angrepet tilbake.

I Romarriket blomstra byen som handelsstad. Byen fekk biskop på 300-talet. Under langobardane, i 570, vart Spoleto hovudstad for eit stort og uavhengig hertugdømme. Kring 1080 gav markgrevinna Matilda hertugdømmet til pavekyrkja under pave Gregor VII.

I 1155 øydela Fredrik Barbarossa Spoleto. Kyrkjestaten erorbra byen tilbake i 1213, under pave Gregor IX. Då paven heldt til i Avignon vart det kjempa om makta over byen, men frå 1354 klarte kardinalen Gil Alvarez de Albornoz å få byen permanent innlemma i Kyrkjestaten. Frå 1860 har byen vore ein del av staten Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]