Spontan generasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Spontan generasjon er ein teori som går ut på at liv stadig kan oppstå av seg sjølve. Teorien stammar frå dei gamle grekarane som meinte at liv kunne oppstå av seg sjølv om ein berre utsette jord, luft, vann og eit eterisk stoff kalla apeiron, altså «livskraft», for dei rette tilhøva. Sjølv om det var heftig diskusjon rundt temaet var det ingen som klarte å motbevisa teorien før det franske vitskapsakademiet i 1860 utlova ein dusør for ei avklaring i saka. Louis Pasteur tok utfordringa og testa teorien.

«Svanehalskolben» brukt av Pasteur.

Forsøk av Louis Pasteur[endre | endre wikiteksten]

Det første Pasteur gjorde var å koka opp kjøtbuljong, lukka loket og la det stå. Blandinga gjæra ikkje. Tilhengjarar av spontan generasjon heldt då føre at når han lukka lokket, stengde han også ute livskrafta som fanst i lufta. Han fekk så laga ein glaskolbe der luft kunne strøyma fritt, men støv og andre smådelar i lufta ikkje kunne trengja helt inn. Buljongen gjæra heller ikkje då. Pasteur hadde også druesaft i slike kolbar og fann at ho ikkje gjæra til vin slik ho elles ville gjort. Desse eksperimenta overtydde det franske vitskapsakademiet, og Louis Pasteur fekk dusøren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]