Spooner Oldham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spooner Oldham
Verkeleg namn Dewey Lindon Oldham, Jr.
Fødd 14. juni 1943 (70 år) i Center Star i Alabama
Instrument Orgel, piano, keyboard
Aktive år 1960-åra til i dag
Yrke Låtskrivar, studiomusikar.
Tilknytte artistar FAME Studios, Dan Penn
Nettstad www.spooneroldham.com

Dewey Lyndon «Spooner» Oldham (fødd 14. juni 1943)[1] er ein amerikansk låtskrivar og studiomusikar. Som organist spelte han inn musikk i Muscle Shoals i Alabama og ved FAME Studios på hitar som R&B-songane «When a Man Loves a Woman» av Percy Sledge, «Mustang Sally» av Wilson Pickett og «I Never Loved a Man» av Aretha Franklin.

Som låtskrivar slo Spooner Oldham seg i lag med Dan Penn for å skrive hittar som «Cry Like a Baby» (The Box Tops), «I'm Your Puppet» (James and Bobby Purify), «A Woman Left Lonely» og «It Tears Me Up» (Percy Sledge).

Oldham flytta etter kvart til Los Angeles og heldt fram som studiomusikar der for artistar som Bob Dylan, Delaney Bramlett, Willy DeVille, Joe Cocker, the Hacienda Brothers, Linda Ronstadt, Jackson Browne, the Everly Brothers, Dickey Betts, J. J. Cale og Frank Black.

Han har ofte vore musikar for Neil Young og speler i konsertfilmen Neil Young: Heart of Gold og akkompagnerte Crosby, Stills, Nash & Young på «Freedom of Speech»-turneen deira.

4. april 2009 vart Oldham innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som sidemann.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.rockhall.com/inductee/spooner-oldham