Sportsklubben Brann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
SK Brann
Brann logo.svg
Fullt namn Sportsklubben Brann
Kallenamn Rødtrøyene, Bergens Stolthet
Kort namn SKB
Grunnlagd 26. september 1908
Heimebane Brann Stadion
(kapasitet: 17 317)
Styreleiar Noreg Hans M. Brandtun
Sportsdirektør Noreg Roald Bruun-Hanssen
Hovudtrenar Rikard Norling
Liga Tippeligaen
Tippeligaen 2012 6. plass
Nettstad Heimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Sportsklubben Brann er ein fotballklubb frå Bergen. Klubben vart skipa i 1908 og tok sitt første seriegull i 1962. I dag spelar klubben i Tippeligaen. Noverande hovudtrenar er Rikard Norling.

Klubben spelar i dag heimekampane sine på Brann stadion, med plass til ca. 17 800 tilskodarar, i Årstad i Bergen. Treningsanlegget ligg rett ved sidan av stadion der to grasbanar og to kunstgrasbanar vart ferdigstilt til sesongen 2007. Desse banene vart kalla «Nymarksbanane».

Klubben nyttar heimedrakter med raud overdel og kvite shorts, bortedrakter som er heilsvarte og ei tredjedrakt med blå overdel og kvite shorts. Klubben sin utstyrsleverandør er Kappa som inngjekk avtalen med Brann i desember 2006 og vart gjeldande frå 2007-sesongen.

Brannspelarar før kampen 16. mai 2007
Foto: Nina Aldin Thune

Tropp[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 6. mai 2013

Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg MV Jørgen Mohus
2 Flagget til Island FS Birkir Sævarsson
4 Flagget til Noreg FS Simen Wangberg
7 Flagget til Noreg MS Hassan El Fakiri
8 Flagget til Noreg MS Fredrik Haugen
9 Flagget til Austerrike AS Martin Pusic
11 Flagget til Russland AS Vasili Pavlov (på lån frå Dacia Chişinău)
12 Flagget til Noreg MV Øystein Øvretveit
14 Flagget til Noreg MS Fredrik Nordkvelle
17 Flagget til Senegal AS Stéphane Badji
18 Flagget til Sverige FS Markus Jonsson (kaptein)
19 Flagget til Noreg AS Kristoffer Larsen
20 Flagget til Noreg AS Kjetil Kalve
Nr. Posisjon Spelar
21 Flagget til Ungarn FS Zsolt Korcsmár
22 Flagget til Noreg MS Amin Askar
23 Flagget til Noreg AS Erik Huseklepp
24 Flagget til Polen MV Piotr Leciejewski
25 Flagget til Noreg FS Henrik Gjesdal
26 Flagget til Noreg MS Kasper Skaanes
27 Flagget til Sverige FS Erdin Demir
28 Flagget til Noreg AS Bård Finne
29 Flagget til Noreg MS Kristoffer Barmen
30 Flagget til Noreg FS Jonas Grønner
32 Flagget til Noreg MS Tomasz Sokolowski
35 Flagget til Noreg FS Andreas Vindheim
Flagget til Noreg MS Simen Lassen

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brannsmedlemmer med fane i 17. mai-tog.
Foto: Nina Aldin Thune

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Ski- og Fodboldklubben Brann vart skipa 26. september 1908 av Christen K. Gran og Birger Gjestland. Den første kampen vart spelt mot Bergens Fotballklubb 1. januar 1909 i ein kamp som enda 1-1. I august same år skulle óg den første sigeren kome. Det skjedde då Stavanger Idrettsforening vart slått 3-2 i Stavanger. Klubben heitte opphavleg Sportsklubben Fart, men namnet vart seinare endra til Sportsklubben Brann.

I løpet av dei ti første åra hadde klubben allereie fått eit namn i fotball-Noreg, og både i 1917 og 1918 nådde klubben cupfinalen, som begge enda med tap.

Sportsklubben Brann sikra seg i 1917 eit 30 mål stort areal, og den 25. mai 1919 stod Brann Stadion klart på Nymark. Den nye stadion vart innvia med kamp mot landslaget som enda i 2-6 tap for Brann.

Brann sitt første nasjonale meisterskap kom i 1923, og eit nytt fylgde to år seinare. Brann vann 2-1 over Lyn i den første finaletriumfen, medan Sarpsborg vart slått 3-0 i finalen i 1925.

Trass i at Brann heldt fram å dominere den lokale fotballen, vart det etter kvart vanskelegare å hevde seg nasjonalt etter at mange av laget sine støttespelarar la opp. Laget kom ikkje lengre enn til kvartfinale dei neste åra og etter 1931 måtte Brann vente til etter krigen før klubben igjen kom så langt.

Stordomstid[endre | endre wikiteksten]

Sportsklubben si verkelege stordomstid kom på 1960-talet med to seriemeisterskap og to av klubben og landet sine største profilar: Roald «Kniksen» Jensen og Rolf Birger «Pesen» Pedersen.

Seriegullet vart innkassert både i 1962 og 1963. I 1964 forlet nøkkelspelarar som Roald «Kniksen» Jensen klubben, og det enda med nedrykk. Klubben var ikkje oppe igjen i den øvste divisjon før i 1968. I 1963-sesongen samla Brann eit gjennomsnittleg tilskodartal på heile 15 486, ein rekord som stod fram til Rosenborg passerte han i 2003.

Brann vann noregsmeisterskapen i 1972 og i 1976 — eit halvt hundreår sidan sist klubben vann meisterskapen. I Cupvinnarcupen i 1973 nådde Brann den andre runden etter å ha slått Gzira frå Malta 9-0 samanlagt i den første runden.

I andre runde vart det nordirske laget Glentoran for sterkt, og vann samanlagt 4-2. I 1977 enda Brann si ferd i Europa igjen i den andre runden. I første runde vann Brann 5-0 samanlagt over islandske IA Akranes, men den nederlandske klubben Twente vann 4-1 samanlagt runden etter.

Elevatorlaget[endre | endre wikiteksten]

1980-talet var prega av mykje med- og motgang for Brann. Det vart nedrykk i 1979, men dei var oppe igjen neste år. Men dei rykte opp og ned samanhengande frå 1980-86. Brann vart kjend som «elevatorlaget». Brann har vore i den øvste divisjonen sidan 1987. Men det var ikkje berre ille på 1980-talet. Brann vann cupen i 1982 mot Molde; sigersmålet vart scora av legenda Neil McLeod. Brann nådde cupfinalen 2 gonger til på 80-talet, i 1987 og 1988. Begge enda med tap.

Prestasjonar og europeisk suksess[endre | endre wikiteksten]

90-talet var prega av skandalar på styrerommet, varierande resultat på banen og høgt pengeforbruk. Fem trenarar hadde i løpet av 90-talet ansvaret for klubben, og heile styret vart avløyst. Klubben oppnådde likevel gode resultat i serien, med 4. plass i 1996, 3. plass i 1999 og 2. plass i 1997.

I Europacupsamanheng spelte Brann i 1996/1997 sesongen av UEFA sin cupvinnarcup trass i å ha tapt finalen mot Rosenborg. (RBK spelte i den meir prestisjefulle serievinnarcupen i staden). I turneringa kom Brann til kvartfinalen etter å ha slått ut det nederlandske storlaget PSV Eindhoven etter 2-1 i Bergen og 2-2 i Eindhoven, men vart til slutt slått ut av Liverpool etter 1-1 heime og 0-3 borte.

Opptur og nedtur[endre | endre wikiteksten]

Brann kom til Champions League for første gong etter at laget kom på andreplass i Tippeligaen 2000. Brann trekte det bulgarske laget Levski Sofia i 2. kvalifiseringsrunde, men etter heiderlege 0-0 på bortebane rauk Brann ut før eventyret byrja med 1-1 på heimebane i returkampen. Avansement var Branns einaste verkelege sjanse til å tene den stadig aukande gjelda, og i tida som følgde vart resultata svakare i takt med at nøkkelspelarar vart selde. Sommaren 2002 stod Brann ribba for profilar etter at Harri Ylönen, Svante Samuelsson, Azar Karadas, Raymond Kvisvik og Thorstein Helstad hadde forlate klubben. Få trudde på medalje dette året, men svært få hadde nok sett for seg kvalifisering mot Sandefjord om retten til å spele i Tippeligaen 2003. Men Brann heldt på plassen etter 0-0 borte og 2-1 heime. Like etter trekte trenar Teitur Thordarson seg, og han vart etterfølgd av assistenttrenaren sin, den gamle Brannspelaren Mons Ivar Mjelde.

Brann etablerar seg i toppen[endre | endre wikiteksten]

Trenarskiftet førte til ein ny giv i heile klubben, og i tida som fylgde finansierte Bergensbedrifter og rike velgjerarar nye spelarar til klubben, samtidig som Brann fekk sletta den store gjelda si hos Handelsbanken ved å selje 51 % av Brann Stadion AS til Stor-Bergen Boligbyggelag. Mjelde leia «nye» Brann til bronse og cupmeisterskap i 2004 då Brann slo Lyn 4-1 i finalen. Det var Brann sin første tittel på 22 år. Bengt Sæternes vart den store helten i finalen med tre mål.

Etter ein medels sesong i 2005 (sjette plass), var Brann tilbake i toppen i 2006. Klubben var serieleiar frå 9. til 21. serierunde, men kunne ikkje matche Rosenborg sin sluttspurt med ti sigrar og to uavgjorte på dei siste tolv kampane. Det vart dermed sølvmedaljar til Brann, for fjerde gong i klubben si historie. Sesongen vart skjemma av eit særs pinleg tap for det svenske amatørlaget Åtvidabergs FF i UEFA-cupen sin 2. kvalifiseringsrunde. Dobbeltoppgjeret enda 4-4 og svenskane avanserte på bortemål.

2007 - seriegull[endre | endre wikiteksten]

Innmarsjen til spelarane før kampen Brann-Lyn 8. oktober 2007. Brann vann 3-1 og seriegullet var så godt som sikra.
Foto: Frode H. Korneliussen

I 2007 starta Brann sterkt, og låg på 2. plass då første halvdel av serien var ferdigspilt. 22. oktober 2007, då den tredje siste serierunden var ferdigspelt, vart det klart at Brann tok seriegull for første gong sidan 1963. Brann tapte denne runden 2-1 mot Ålesund, men Stabæk, som måtte vinne alle sine tre siste kampar for å ta igjen Brann, tapte 2-1 mot Viking i Stavanger.

Tilhengjarar[endre | endre wikiteksten]

Brann har lenge hatt mange tilhengjarar. I mange år var Brann Supporter Team den offisielle supporterklubben. Men BST gjekk konkurs i 2003 etter at det vart avdekt dårleg økonomistyring. Den offisielle supporterklubben i dag er Brann Bataljonen, som vart danna same år. I forhold til talet tilhengjarar har derimot Bataljonen få medlemmar og det har ikkje vore ein sterk kultur for organiserte supporterar i Bergen. Dette har gjeve seg utslag i fleire alternative supportergrupper. Av dei finn ein Apostlenes Røde Gærninger — ein kristen supporterklubb — som har eksistert sidan 1994. Brann har også, som einaste norske fotballklubb eigen supporterklubb i USA > http://www.brann.us .

Rivalisering[endre | endre wikiteksten]

Brann har mange rivalar i Noreg. Geografisk er det ingen andre fotballklubbar i Bergen som spelar på same nivå. Men då dei var i Tippeligaen var Fyllingen ein av Brann sine største rivalar. Enkelte vil sei at Viking er ein av dei største rivalane, på grunn av den nære plasseringa til dei to byane Bergen og Stavanger. Det er ein urgamal debatt om kva for ein dei to som er Vestlandet si perle. Mange som held med Brann vil sei at erkerivalen er Rosenborg. Dette kjem igjen av rivalisering mellom byane Bergen og Trondheim. Rivaliseringa kjem òg av at Brann slo Rosenborg i cupfinalen 1972, medan RBK slo Brann i 1988, 1995 og 1999. Brann har òg spelt nokre kampar mot RBK som har hatt interessante resultat. Vålerenga og Lillestrøm SK står heller ikkje høgt i kurs hos Brann sin supporterskare, og Vålerenga er i mange auge den største rivalen.

Flest mål scora for Brann[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolf Birger Pedersen 245 mål i perioden 1957-72.
  2. Roald «Kniksen» Jensen 170 mål i perioden 1960-65/1971-73.
  3. Bjørn Tronstad 127 mål i perioden 1974-79.
  4. Gunnar Skagen 120 mål i perioden 1949-56.
  5. Thorstein Helstad 104 mål i perioden 1998-02/2006-2008
  6. Steinar Aase 93 mål i perioden 1973-79/1984-85.
  7. Mons Ivar Mjelde 87 mål i perioden 1989-90/1996-2002.

Flest kampar for Brann[endre | endre wikiteksten]

  1. Tore Nordtvedt 557 kampar i perioden 1963-79.
  2. Rolf Birger Pedersen 331 kampar i perioden 1957-71.
  3. Geirmund Brendesæter 327 kampar i perioden 1990-2003.
  4. Helge Karlsen 323 kampar i perioden 1967-79
  5. Roy Wassberg 319 kampar i perioden 1989-93/1998-2004.

Brannspelarar med flest landskampar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alexander Olsen 37 kampar, 1 mål.
  2. Helge Karlsen 35 kampar, 0 mål
  3. Finn Berstad 32 kampar, 13 mål
  4. Roald «Kniksen» Jensen 27 kampar, 5 mål.

Vinnarar av Kniksen-prisen[endre | endre wikiteksten]

Thorstein Helstad
Foto: Kjetil Ree

Kniksen-prisen er kalla opp etter Brann-legenda Roald «Kniksen» Jensen.

Årets Brannspelar[endre | endre wikiteksten]

Håkon Opdal
Foto: Nina Aldin Thune

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Nokre spelarar gjennom tidene[endre | endre wikiteksten]

   

Hovudtrenarar sidan 1960[endre | endre wikiteksten]

   

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sportsklubben Brann

Litteratur om Brann[endre | endre wikiteksten]

  • Larsen, Jan-Erik: Fra mål til ytterste fortvilelse, Bergen 1988
  • Kalvik, Kjell Vidar: Hele Bergens stolthet, Bergen 2005
  • Natlandsmyr, Gorm: Branns offisielle årbok (utgjeve kvart år sidan 2001)
  • Larsen, Jan-Erik: Et århundre i bilder (lagbielte frå Sportsklubben Brann frå 1909 til våre dagar)
  • Soltvedt, Thor: Flammene på Stadion (dikt om Brann)

Mal:Tippeligaen 2014