Sporvefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sporvefuglar


Snøsporv, Plectrophenax nivalis Hannfugl i vinterdrakt
Snøsporv, Plectrophenax nivalis
Hannfugl i vinterdrakt

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Vitskapleg namn
Passeriformes

Sporvefuglar (Passeriformes) er ein orden av fuglar. Han er utbreidd over heile verda med artar fordelt på tre underordenar, Acanthisitti, Tyranni og Passeri.

Dette er den største fugleordenen og omfattar meir enn halvparten av alle verdas fugleartar. Sporvefuglar dannar ein av dei mest varierte biologiske ordenar av virveldyr med over 5900[1] identifiserte artar,[2] og er langt over dobbelt så artsrik som den største av ordenar av pattedyra, gnagarar. Ordenen sporvefuglar inneheld over 115 familiar, av virveldyr er det berre piggfinnefiskar, Perciformes, som har fleire familiar.

Namnet «Passeriformes» er avleidd frå Passar domesticus, det vitskaplege namnet på arten gråsporv. «Passeridae» er nemninga på ei undergruppe og ein biologisk familie av ca. 40 artar kalla sporvar. Passer er den latinske nemninga for 25 artar av sporvar i slekta Passer og liknande småfuglar.

I Noreg hekkar ca. 100 artar. Omtrent 35 andre er observerte.

Raudstrupe, Erithacus rubecula, syner her den typiske «sitjefoten».
Foto: Paul Tomlin
Gulnebboksehakkar, Buphagus africanus, går her ned på hælane og stør seg dessutan på halen for å få stabilt grep.
Foto: Steve Garvie
Tjukknebbramn, Corvus crassirostris, den største sporvefuglen, veg rundt 1,5 kg.
Foto: Donald Macauley
Gulbukknøttyrann, Myiornis auricularis, ein av verdas minste sporvefuglar, 7 cm og 5,3 gram.[3]
Foto: Dario Sanches
Gullklippehane, Rupicola rupicola, døme på art med sterk kjønnsdimorfisme, her hannfugl i augefallande farger.
Foto: Almir Cândido de Almeida

Karakteristika[endre | endre wikiteksten]

Føter[endre | endre wikiteksten]

«Sitjefoten» med fire klårt fråskilde tær, ei av dei bakover og alle i same plan, er rekna som det mest typiske morfologiske trekk for ordenen sporvefuglar. Denne ordninga er kalla anisodaktyl ordning av tærne. Eit kjent unnatak er tretåbuttnebb, Paradoxornis paradoxus, som har to samansmelta tær, dei andre artane i slekta Paradoxornis har normale sitjeføter. Sitjefoten gjer at sporvefuglar kan slå seg ned på vertikale flater, slik som trestammar og klippeveggar. Dei har ingen hudfoldar mellom tærne, men hos einskilde kotingaer er den andre og tredje tåa dels samanvaksne. Baktåa er festa på same nivå med framtærne og grip mot dei, slik at foten kan få feste på ei grein. Hos andre fuglerordenar er tåordninga annleis. Sitjefoten er òg ein «gripefot»: leggmusklaturen hos sporvefuglar inneheld ei spesiell tilpassing for å gripe rundt greiner. Om fuglen byrjar å miste tak i greina som han sit på vil leggmuskelen automatisk stramme til og bli stiv. Dette gjer sporvefuglar i stand til å sove på greiner utan å miste grepet og falle av. Dette er spesielt nyttig for nattaktive sporvefuglar.[4]

Jamvel om sporvefuglar generelt har føter med klør vel eigna til å feste på runde eller ujamne overflater, har mange grupper føter som er tilpassa gange og springing. Erler og piplerker og mange tapakuloar er typisk bakkelevande, og fleire piplerker har særs lang baktå og bøygd klo på opp til 4 cm. Andre artar som nyttar mykje tid på bakken har gjerne rettare og sløve klør, medan dei som spring mykje på trestammar som treløparar og trekryparar har kraftige og bøygde skarpe klør. Fossekallar lever nær eller i vatn, og trass i at dei sym og dukkar har dei heldt på den typiske sporvefuglfoten.[5] Fuglar som beitar i flukt, spesielt svaler, har fått utvikla generelt svake bein, men svaler er likevel i stand til å gripe som andre sporvefuglar og dei kan gå og til og med springe, det gjer dei med ein subbete, vaggande gange.[6]

Storleik[endre | endre wikiteksten]

Jamt over er sporvefuglar mindre enn typiske medlemmer av andre fugleordenar. Dei tyngste og alt i alt største sporvefuglane med vekt på over 1,5 kg og lengd over 70 cm er tjukknebbramn samt dei større underartane av ramn. Dessutan er praktlyrehale og nokre paradisfuglar store fuglar om ein reknar med lengd på fjører, opp til 110 cm medrekna halefjører eller haledekkfjører. Den minste sporvefuglen rekna i vekt er korthaleknøttyrann på 4,2 gram og ca. 6,5 cm i lengd.

Fjører og fjørdrakt[endre | endre wikiteksten]

Innanfor ordenen sporvefuglar er så å seie alle farger representerte, i eit breitt spekter av spesialiserte fjørtypar, som inkluderer eineståande, raude lakkliknande hornplater på armsvingfjør hos sidensvansar, duskar av stive fjører hos nokre honningetarar og iriserande «paljettar» hos nokre artar av manakinar, solfuglar og tanagarar. Paradisfuglar har eit nesten utruleg utval av langstrakte og forseggjorde fjører som strekkjer seg frå nebbet, venger eller hovud. Fjørene kan vere iriserande, fløyelsaktige, ofte trådforma og nokre slike fjører er forma som ein rekkert.[5]

Generelt, men med mange unnatak, syner familiar av sporvefuglar kjønnsdimorfisme i fjørdrakta. Det er vaksne hannar som har dei mest iaugefallande fargene. Hoer har fjørdrakter med meir avdempa, kamuflerande farger, og ungfuglar av begge kjønn har ofte drakter som liknar hofuglen sin drakt. Innanfor familiar som trupialar, tanagarar og parulaer, vil artar i temperert sone vise meir kjønnsdimorfisme enn dei tropiske medlemmene av den same familien.[5] Dessutan varierer draktene sesongmessig ved at mange artar har ei klår fjørdrakt i hekkeperioden.

Mest vanleg finn ein 10 handsvingfjører, primærer, og 9 armsvingfjører, sekundærer hos sporvefuglar, men hos mange familiar finn ein berre 9 handsvingfjører. Hos andre kan den ytste primære vere redusert i ei viss monn. Talet på armsvingfjører varierer meir, til dømes har atlaskgartnar, Ptilonorhynchus violaceus heile 14 armsvingfjør. [5]

Dei fleste sporvefuglar har utvikla tolv halefjør, men det varierer frå seks til seksten, praktlyrehale har seksten halefjør. Einskilde artar av sporvefuglar har stive halefjør, som hjelper fuglane med balansen jamvel når dei kviler på vertikale flater.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Når ungane av sporvefuglar blir klekte er dei blinde, fjørlause og hjelpelause. Dette krev at ungane får mykje omsut. Dei fleste sporvefuglar legg farga egg, i kontrast til ikkje-sporvefuglar, som ofte legg kvite egg med unntak av nokre bakkehekkande grupper som vade-, måse- og alkefuglar og natteramnar, der kamuflasje er naudsynt. Dessutan er nokre parasittiske gaukar unnatak, dei har egg som samsvarar med egga til sporvefuglverten.

Opphav og evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Den evolusjonære historia til sporvefuglfamiliar og relasjonane mellom dei var ganske uklåre fram til slutten av 1900-talet. Mange sporvefuglfamiliar vart gruppert saman på grunnlag av morfologiske likskapar som ein i dag trur heller er eit resultat av konvergent evolusjon, og utan nær genetisk samanheng. Til dømes, gjerdesmettar på den nordlege halvkula ser svært like ut og oppfører seg på liknande måtar som smettar i Australia, og New Zealand, likevel høyrer dei til tre fjerntliggjande greiner på slektstreet til sporvefuglar, dei er så lite relaterte som det er mogleg å vere, men sit likevel alle i Passeriformes.[7]

Mykje forsking gjenstår, men framsteg i molekylærbiologi og forbetra paleobiogeografiske data avslører gradvis eit klårare bilete av opphav og evolusjon åt sporvefuglar som sameiner kunnskap om molekylære slektskapar, avgrensingane av morfologi og detaljane i fossila.[8] Ein trur no at dei første sporvefuglane utvikla seg i Gondwana ein gong i paleogen, kanskje i thanetium, sein paleogen, for omkring 60-55 millionar år sidan.[9] Passeriformes utvikla seg tilsynelatande ut frå ein ganske tett klade av «nær sporvefuglar» som òg inneheldt fuglar som spettefuglar og råkefuglar.[10]

Litt seinare skjedde ei stor stråling av grupper ut frå kontinentet Australia-Ny-Guinea: Passeri eller songfuglar. Ei viktig grein av Passeri, «Parvorder Passerida», dukka anten som søstergruppe til dei basale linjene og til corvoidar, «parvorder Corvida», eller meir sannsynleg som ei undergruppe av corvoidar, og utvida seg langt inn i Eurasia og Afrika, der det var ei ytterlegare eksplosiv stråling av nye linjer. Dette førde til slutt til tre store passeri-linjer med over 4000 artar, som utgjer mangfaldet innan Passeri i dag. Det har vore omfattande biogeografiske blandingar, med nordlege former som returnerte til sør, sørlege former flytta seg nordover, og så vidare.

Fossilfunn[endre | endre wikiteksten]

Første sporvefuglar[endre | endre wikiteksten]

Tidlege fossil av sporvefuglar er dårlege. Prøver frå Queensland syner fossile beinrestar, klårt gjenkjennelig som Passeriformes, og representerer to artar på ca. 10 og 20 cm i lengd og provar eksistensen av tydelege sporvefuglar for om lag 55 millionar år sidan, litt inn i tidleg eocen.

Ei ganske lik gruppe, Zygodactylidae, oppkalla etter sin zygodaktyle tilnærming til å gripe om greiner, oppstod uavhengig på omtrent same tid - og kanskje frå nært nærskylde forfedrar. Dette var i landområda som grensar til Nord-Atlanteren, som den gongen var berre to-tredjedelar av den noverande breidda.

Ny kunnskap om samanhengar mellom dei nolevande sporvefuglane, antyder at den siste felles stamfaren for alle levande Passeriformes var ein liten skogsfugl, sannsynlegvis med ein kort hale [11] og samla sett gråleg farge, men moglegvis med tydeleg kjønnsdimorfisme. Sistnemnde eigenskap synest vekselvis å ha gått tapt og gjenutvikla fleire gonger gjennom evolusjonen. Kjønnsdikromatisme er svært sjeldan blant dei basal linjer av Passerida, og kanskje òg dei med ulike opphav i Passeri, plesiomorfiske. Men blant dei yngste passerid-kladar, Passeroidea, finn ein at ekstremt fargerike hannar og fargelause hoer er vanlege, om ikkje regelen. På den andre sida, blant dei mest basale Passeri er det ei betydeleg mengd linjer med sterk dimorfisme òg, til dømes dei særs gamle lyrehalar. Kjønnsdimorfisme er heller ikkje uvanleg i klatresmettar og framtredande hos nokre suboscines som manakinar og kotingaer.

Tidlege europeiske sporvefuglar[endre | endre wikiteksten]

I Europa er sporvefuglar ikkje uvanlege i fossila frå oligocen og utover, men dei fleste er for fragmenterte for ei meir bestemd plassering. Sjølv svært basale Passeriformes kan ha vore vanleg i Europa til midtre miocen, for rundt 12 millionar år sidan.[12] Det moderne mangfaldet av Passerida slekter er kjent for det meste av sein miocen vidare og inn i pliocen, ca. 10-2 millionar år sidan. Pleistocen og tidleg holocen lagerstätte, mindre enn 1,8 millionar år sidan, har gjeve talrike utdøydde artar, og mange gjev nesten berre utdøydde artar eller deira etterveksande artar, chronospecies.

Fossil i Amerika[endre | endre wikiteksten]

I Amerika er fossila lite talrike før pleistocen, i pleistocen er fleire nolevande suboscine familiar dokumenterte. Ei utdøydd slekt av sporvefuglar har vorte skildra frå seinare miocen i California.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Ordenen er delt inn i tre underordenar, Tyranni (suboscines), Passeri (oscines), og basal Acanthisitti (klatresmettar). Oscines, òg kalla songfuglar, har best kontroll over sin syrinx-musklane av alle fuglar, produsere eit breitt spekter av songar og andre lyder, sjølv om nokre av dei, slik som skrik frå kråker, ikkje kling musikalsk i menneskelege øyre. Og andre fuglar som lyrehalar er framifrå hermarar. Acanthisittiar eller klatresmettar er små fuglar avgrensa til New Zealand, i det minste i moderne tid, dei var lenge plassert innanfor Passeri; den taksonomiske posisjonen er usikker, men dei synest å vere ei tydeleg avgrensa og særs gammal gruppe.

Familienamn, vitskapleg namn og rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012.[1] Norske namn merkt # gjelder familiar som nyleg er oppretta. Dei nye familiane manglar normerte namn på norsk, her er det gjeve omsettingar frå engelsk. Grunngjevinga for dei nye familiane og andre endringar er gjeve på nettstaden for Clementslista.[13]

Underorden Acanthisitti

Underorden Tyranni

Underorden Passeri

  • Ca. 102 familiar, sjå familieoversyn Passeri.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen har med stoff om systematikk frå «Passerine» frå Wikipedia på engelsk, den 18. januar 2011, og om karakteristika, opphav og evolusjon frå same artikkel den 1. april 2011.
  • Clench, Mary Heimerdinger; Oliver, L. A. Jr.; Gill, F. «Passeriform». Encyclopædia Britannica Online.. 

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (20. desember 2010) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.5, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%206.5.xls/view 
  2. Ernst Mayr, The Number of Species of Birds, The Auk, Band 63, Nummer 1 (januar, 1946), s.67
  3. Nicholas E. Collias, On the origin and evolution of nest building passerine birds, The Condor 99.2 (Mai 1997:253-270)
  4. Rebecca Stefoff(2008), The Bird Class, Marshall Cavendish Benchmark
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Encyclopædia Britannica, Passeriform
  6. Gaunt, Abbot (1969). «Myology of the Leg in Swallows». Auk 86 (1): 41–53. 
  7. F.K. Barker, Monophyly and relationships of wrens (Aves: Troglodytidae): a congruence analysis of heterogeneous mitochondrial and nuclear DNA sequence data, Molecular phylogenetics and evolution, 2004
  8. Gareth J. Dyke and Marcel van Tuinen, The evolutionary radiation of modern birds (Neornithes): reconciling molecules, morphology and the fossil record, Zoological Journal of the Linnean Society 141.2 (June 2004:153–177)
  9. L. Christidis, A. Cooper, M. Irestedt, et al., A Gondwanan origin of passerine birds supported by DNA sequences of the endemic New Zealand wrens Proceedings of the Royal Society B, February 2002:235–241.
  10. Johansson & Ericson (2003);
  11. Den siste kjente stamfaren for alle songfuglar hadde mest sannsynleg monaleg lengre hale. Sjå del Hoyo et al. (2003, 2004).
  12. Manegold et al. (2004)
  13. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. Updates to The Clements Checklist of Birds of the World Version 6.4 Lest 15. august 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sporvefuglar
  • Olav Hogstad: Fuglene 3, J.W. Cappelens Forlag a.s, 1991