Sporveksel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sporvekslar)
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Ein manuell sporveksel. Det kvite og raude loddet til høgre er kopla til ein jarnstong inn under skjena fram til dei to tungeskjenene, og syter i dette høvet for at den venstre av dei ligg tett inntil den venstre stokkskjena. Når toget skal køyre rett fram i staden for til høgre som på fotografiet, vert loddet svingt over med eit handtak som er festa til det, og stonga fram til tungeskjenene dreg dei til den andre posisjonen. Signalet som syner korleis sporvekselen ligg, vrir på seg, og eit nytt teikn kjem til syne for lokomotivføraren.
Ein motordriven og fjernstyrt sporveksel.

Sporveksel eller pens er ei innretning som gjer det mogleg for jarnbanetog, sporvogner og andre skjenegåande innretningar å skifte over frå eit spor til eit anna. Sporvekslar vart nytta i si tid om personar som hadde som yrke å syte for å manøvrere sporvekslarar for hand.

Normalt er ein sporveksel sett saman av eit par rørlege såkalla tungeskjener som ligg på underlagsplater mellom skjenene, og som er knytt til kvarandre på et vis som gjer at dei ved å flyttast sidevegs, får toget eller sporvogna til å skifte spor. Anten den høgre eller den venstre av dei to tungeskjenene ligg soleis inntil innsida av den skjena som er nærast, den såkalla stokkskjena. Til sporvekselen høyrer òg ofte to tvangsskjener, to skjenestykkjer som skal syte for at vognhjula rullar i rett lei gjennom skjenekrysset, staden der skjena er delt for å gje plass til dei hjula som skal krysse den eine av skjenene for å kome over på det andre sporet. Tidlegare var sporvekslane handdrivne, det vil seie at tungeskjenene vart flytta ved hjelp av eit handtak, men no vert dei som oftast drivne av elektriske motorar og er gjerne fjernstyrde.

For å hindre at dei rørlege delane i sporvekslane frys fast i vinterkulda, eller hindre at snø og is legg seg mellom tungeskjener og stokkskjener, er det ofte montert elektriske varmelement i sporvekslane.

Sporveksel for trikk som går i gatene har mykje av konstruksjonen liggjande under gatedekket. (Fotografi frå Bybanen i Bergen).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sporveksel
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sporveksel