Sporvidd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Måling av sporvidda, her uttrykt på fransk.
Tog på Kårsta stasjon i Uppland i Sverige, på den smalspora Roslagsbanan.
Tog på Arna stasjon i Bergen. Jarnbanar og andre banar i dagleg drift i Noreg har normalspor, med unnatak av Gråkallbanen i Trondheim, som er smalspora, sporvidd 1000 millimeter.
Kombinasjon av normalspora og smalspora jarnbane ved at det er nytta tre skjener på den same strekninga. Dette dømet er frå Grovane stasjon nord for Kristiansand, der den smalspora Setesdalsbanen, som no berre er museumsjarnbane, går inn på stasjonen for Sørlandsbanen, som har normalspor.
Fireskjeners spor er lagt mellom Haparanda i Sverige og Torneå i Finland for å køyre tog bygd for kvar si sporvidd på same einspora strekninga. Den eine sporvidda er å rekne mellom skjena heilt til venstre og den tredje frå venstre, den andre sporvidda er å rekne mellom den andre skjena frå venstre og den heilt til høgre.

Sporvidd er avstanden mellom inste kanten på av kvar av dei to jarnbaneskjenene i eit jarnbanespor for tog, tunnelbane, trikk og andre skjenegåande transportmiddel. Jarnbanespor har vanlegvis ei sporvidd på 1435 millimeter, som vert kalla normalspor. Er sporvidda mindre enn dette, vert bana kalla smalspora, er vidda større, er banen breispora.

Normalsporvidda har opphav i Storbritannia, som i 1846 valte George Stephenson sporvidd på 1 435 mm som standard.

For å kunne køyre tog bygd for to ulike sporvidder på den same einspora strekninga, til dømes der ei smalspora og ei normalspora linje møtast for å nytte same traseen på ei strekning, har løysinga i fleire høve vore å lage eit såkalla treskjenespor ved å leggje ei tredje skjene attmed dei to andre, slik at det vert to sporvidder på den aktuelle strekninga. Men nokre sporvidder kan ikkje kombinerast på denne måten, då skilnadene mellom dei ikkje er stor nok til at det vil vere plass til å leggje ei tredje skjene. Dette gjeld til dømes for kombinasjonar av normalsporet på 1435 millimeter, som nyttast i Sverige, og breisporet på 1524 millimeter, som er vanleg i Finland. Derfor er det lagt eit fireskjeners spor på den einspora linja mellom Haparanda i Sverige og Torneå i Finland som gjer det mogleg å køyre både svenske og finske tog på strekninga.

Døme på smalspora banar[endre | endre wikiteksten]

Normalspora banar[endre | endre wikiteksten]

Døme på breispora banar[endre | endre wikiteksten]