Spot the Pigeon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spot the Pigeon
EP av Genesis
Språk engelsk
Utgjeve 20. mai 1977[1]
Innspelt September – oktober 1976
Sjanger Poprock, progressiv rock
Lengd 13:22
Selskap Charisma/Virgin (UK)
Atlantic (CAN)
Produsent David Hentschel, Genesis
Kritikk
Genesis-kronologi 
Wind & Wuthering
(1976)[3]
Spot the Pigeon Seconds Out
(1977)


Spot the Pigeon er ein EP av det britiske progressive rockebandet Genesis som kom ut i 1977. Dei tre songane var på han var songar som ikkje kom med på Wind & Wuthering, fordi bandet følte dei ikkje passa inn på albumet. EP-en nådde 14. plass på singellista i Storbritannia.

Dette var den siste studioutgjevinga til Genesis med gitarist Steve Hackett, før han slutta i bandet i 1977. Han var misnøgd med at bandet ikkje nytta fleire av songane hans på Wind & Wuthering, mellom anna vart «Inside and Out» gjeven ut på denne EP-en og ikkje på albumet.

Spot the Pigeon vart gjeven ut på CD, men har sidan vorte sletta. To av songane, «Pigeons» og «Inside And Out» finst på plateboksen Genesis Archive 2: 1976-1992, medan «Match Of The Day» ikkje vart gjeven ut på ny før 2007, då han kom med i plateboksen Genesis 1976-1982 i USA.

Det vart laga ein video for «Match of the Day» der Phil Collins syng på tribunane til Queens Park Rangers F.C.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar av Tony Banks/Phil Collins/Mike Rutherford, utanom der andre er nemnde.

Side ein[endre | endre wikiteksten]

  1. «Match of the Day» – 3:24
  2. «Pigeons» – 3:12

Side to[endre | endre wikiteksten]

  1. «Inside and Out» (Banks/Collins/Steve Hackett/Rutherford) – 6:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://genesis.wikia.com/wiki/Genesis_Discography
  2. Allmusic review
  3. [1]. www.genesis-music.com. Henta on 21. august 2008.