Spotify

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spotify


Галаўны офіс «Spotify» на Humlegårdsgatan. Sjå dette på Wikidata
Skipa2006
Grunnleggjar(ar)Daniel Ek
Nettstadhttps://www.spotify.com (fleire språk)

Spotify (samantrukke av spot og identify [1]) er eit svensk rettigheitsverna musikkstreamingprogram som gjev brukarane høve til å lytta til eit internettbasert lydbibliotek.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spotify har vorte utvikla sidan 2006 av ei gruppe ved Spotify AB i Stockholm. Firmaet Spotify vart etablert av Daniel Ek og Martin Lorentzon, delgrunnleggjar av TradeDoubler, i Stockholm. Selskapet er lokalisert i Storbritannia og Sverige.

Spotify lèt folk strøyma musikk blant eit massivt utval songar via nettstaden eller appen deira. Dei tilbyr mellom anna musikk frå mange av dei store plateselskapa; til dømes Universal, EMI og Warner Music. Strøymetenesta har tre ulike abonnement: Spotify Free, Spotify Premium og Spotify Family, fyrstnemnde er gratisversjonen med reklame.

Spotify Premium[endre | endre wikiteksten]

Ein kan kjøpa "Premium Membership" for ei månadsavgift på kroner 99 (NOK) og få tilgang til alle songar utan reklameavbrot, samt få betre lydkvalitet (320 kbps). Ein får òg høve til å høyra spelelister når ein ikkje er tilkopla internett (offline) via mobiltelefon og liknande. Ein kan høyra musikk så mykje ein vil og ein får ingen reklame.

Spotify Unlimited[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare kunne ein kjøpa "Daypass" for 9 kroner (NOK), men det har vorte erstatta av "Unlimited" (49 kroner i månaden), som tilbyd tilgang til heile Spotify-biblioteket. Du kan ikkje høyra på musikk "offline" med Unlimited, men du slepp reklamen.

Spotify Free[endre | endre wikiteksten]

Om ein har ein invitasjon, kan ein få "Spotify Free". Då har ein tilgang til alle songane i Spotify-biblioteket, men vil få spelt reklame mellom songane, samt at det vert synt reklame i hovudvindauget.

Spotify Open[endre | endre wikiteksten]

Dette liknar Spotify Free, men er tilgjengeleg for alle (ingen invitasjon trengst). Til gjengjeld er det fastsett ei maksimal lyttegrense på 20 timar i månaden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Spotify