Spottefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Spottefuglar


Kattespottefugl Dumetella carolinensis
Kattespottefugl Dumetella carolinensis

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Mimidae

Spottefuglar (Mimidae) er ein familie av sporvefuglar i ordenen Passeriformes. Familien inkluderer trastar, spottefuglar, skjelvespottefuglar og kattespottefuglar frå «den nye verda». Det vitskapelege namnet Mimidae ymtar om at desse fuglane er framståande hermarar, spesielt har enkelte artar uvanleg evne til å imitere eit breitt utval av fuglesongar og andre utandørs lydar.

Det finst over 20 artar av spottefuglar i to større og ca. 15 artar i små eller monotypiske slekter. Farga i fjørdrakta tenderer mot uklårt grått og brunt, men nokre få artar er svarte eller blågråe, og mange har raude, gule eller kvite irisar. Spottefuglane varierer i lengd frå 20 til 33 centimeter og frå 36 til 56 gram i vekt. Mange har ein heller trasteliknande utsjånad: brun overside, bleik med mørke striper eller flekker på undersida. Ofte har dei lengre stjert enn ekte trastar (eller større gjerdesmettar som dei også kan likne) og lengre nebb som hos mange artar kurvar nedover.[1]

Til sporvefuglar å vere har dei relativt lange og kraftige bein som mange artar nyttar til å hoppe gjennom underskogen for å søke etter leddyr og frukt til føda. Habitata varierer frå underskog til kratt, høglandsgrassletter og ørkenar. Dei to artane av skjelvespottefuglar lever i atypiske habitat av regnskog på Dei små Antillane, og brunskjelvespottefuglen har særleg uvanleg oppførsel ved å tromme på trestammar.[1]

Alle kjente artar byggjer noko rotete og voluminøse reir av kvistar i tettvaksen skog, dei fleste artar byggjer på bakken eller under to meters høgd over bakken. Dei legg vanlegvis 2 til 5 egg som vert klekt etter 12 eller 13 dagar. Ungane treng 12 til 13 dagar i reiret. Hekketida startar vanlegvis på våren eller tidleg i regntida, og mange artar kan ha to eller tre kull per år. Ungar som ikkje veks opp går i hovudsak tapt på grunn av plyndring og predasjon. Para held ofte saman i meir enn ein hekkesesong.[1]

Slekter og artar[endre | endre wikiteksten]

Spottefuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]

Slekt Melanotis

  • Blåspottefugl, Melanotis caerulescens, Blue Mockingbird, LC, Swainson, 1827
  • Kvitbukspottefugl, Melanotis hypoleucus, Blue-and-white Mockingbird, LC, Hartlaub, 1852

Slekt Melanoptila

  • Svartspottefugl, Melanoptila glabrirostris, Black Catbird, NT, Sclater, 1858

Slekt Dumetella

Slekt Ramphocinclus

Slekt Allenia

Slekt Margarops

Slekt Cinclocerthia

Slekt Toxostoma

Slekt Oreoscoptes

Slekt Mimus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Mimid frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
  • Barber, Brian R.; Martínez-Gómez, Juan E. & Peterson, A. Townsend (2004): Systematic position of the Socorro mockingbird Mimodes graysoni. J. Avian Biol. 35: 195-198.
  • Clement; Peter; Perrins, Christopher (2003): Mockingbirds. In: Perrins, Christopher (ed.): The Firefly Encyclopedia of Birds: 534–535. Firefly Books. ISBN 1-55297-777-3
  • Curry, Robert L. (2003): Darwin and the mockingbirds of Galápagos.
  • Hunt, Jeffrey S.; Bermingham, Eldredge; & Ricklefs, Robert E. (2001): Molecular systematics and biogeography of Antillean thrashers, tremblers, and mockingbirds (Aves: Mimidae). Auk 118(1): 35–55. DOI:10.1642/0004-8038(2001)118[0035:MSABOA]2.0.CO;2 Nettside med tekst utan bilete
  • Sibley, Charles Gald & Monroe, Burt L. Jr. (1990): Distribution and taxonomy of the birds of the world: A Study in Molecular Evolution. Yale University Press, New Haven, CT. ISBN 0-300-04969-2
  • Zuccon, Dario; Cibois, Anne; Pasquet, Eric & Ericson, Per G.P. (2006): Nuclear and mitochondrial sequence data reveal the major lineages of starlings, mynas and related taxa. Molecular Phylogenetics and Evolution 41(2): 333-344.
  • McClure, H. Elliott (1991). in Forshaw, Joseph: Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press, 183-184. ISBN 1-85391-186-0.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 (Clement & Perrins 2003)
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 10. august 2014 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]