Språkhistoria for hindi og urdu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hindi og urdu er skriftnormalar for eit indoarisk språk som har utvikla seg frå dialektane tala i Nord-India. Språket stammar frå sanskrit, og har vorte påverka av persisk, arabisk og andre språk over hundreåra.

Frå gammal- til mellomindoarisk[endre | endre wikiteksten]

Historia til hindi og urdu byrjar med gammalindoarisk, også kalla tsjándasa, vedisk eller vedisk sanskrit, som vart tala i Nord-India frå om lag 1400-talet f.Kr. til 500-talet f.Kr. På 500-talet f.Kr. hadde språket utvikla seg til klassisk sanskrit, eit litterært mål brukt av dei utdanna, (samskrta tyder bokstavleg «finpussa»), og fleire talemål kalla «prakrit» (prakrta «naturleg mål») som var brukt av vanlege folk og som dei fleste indoariske språk stammar frå. Prakriten som hindi og urdu stammar frå heitte «sjauraseni», og vart tala i landområde til dagens Panjab og vestleg Uttar Pradesh.

Apabrahmsa[endre | endre wikiteksten]

align="left"

sanskrit prakrit apabrahmsa hindi tyding
távat táva tau
raksja rakkha rakha raksja vern
bhadrakah bhallao bhallau bhalá god
kídrsj kídis kajis kaisá korleis
esja esa eh jeh denne
tvam tun tuma du
upavisjtakah uvajitthao vajitthau baitha sitjande

På 500-talet hadde sjauraseniprakrit og dei andre prakritane utvikla seg til nye språk, som vart kalla «apabrahmsa» (bokstavleg, «nedfallen»). Den vestlege apabrahmsaen som sjauraseniprakrit vart til vart kalla «nagarapabrahmsa» eller «sjauraseniapabrahmsa». Av ymse grunnar fekk dette språket prestisje frå 800-talet vidare og spreidde seg som eit litterært mål over ein stor del av Nord-India.

Dei viktigaste brigda som skjedde i språket medan det utvikla seg frå sanskrit til apabrahmsa var forenklinga av vokal- og konsonantklyngjer. Eit døme er sanskrit -ksj- som vart til -kkh- på prakrit og -kh- på apabrahmsa. Sameleis vart -kah- til -ao- og -au-. Både sjauraseniprakrit og apabrahmsa brukte òg fleire retroflekse nasalar på ordbyringa, som var uvanleg i sanskrit. Tabellen til venstre viser korleis nokre ord har utvikla seg frå sanskrit til prakrit til apabrahmsa til moderne hindi.

Dakkhini og andre dialektar[endre | endre wikiteksten]

align="right"

apabrahmsa

djoi bhaṇai ho joiyahu
lahu ṇibbáṇu lahei.
hindi

jogi banije he jogijõ
turat nirváṇa lídjije
tyding

Vert du ein yogi, å yogiar
so får du frelse det same augeblikket

Sjauraseniapabrahmsa utvikla seg til fleire hindidialektar frå 1100- til 1300-talet. Som tabellen viser liknar moderne hindi meir på sanskrit enn apabrahmsa i det at fleire konsonantklyngjer som hadde vorte forenkla på apabrahmsa finst på hindi. I tillegg som diktet til høgre viser kjem retroflekse nasalar aldri på byrjinga av ordet på hindi, slik som på sanskrit men i motsetnad til apabrahmsa. Dette er resultatet av ein prosess av sanskritisasjon som skjedde i dialekten khariboli som er utgangspunktet for den moderne hindinormalen. Desse klyngjene finst ikkje på mange andre moderne hindidialektar.

Dei fyrste hindidiktarane prøvde å skriva eit språk som ikkje var basert på éin dialekt, men tok utgangspunktet sitt i ei blanding av fleire dialektar. Goraknath, som skreiv religiøse dikt på 1200-talet, brukte til dømes ei språkform som var hovudsakleg khariboli, men brukte òg genitiv postposisjonar frå gammalmarathi, verbformer frå purabi og intensiv frå pandjabi. Likeeins er språket til Amir Khusro, ein muslimsk diktar frå den same tida, ei blanding av khariboli og bradjbhakha, med litt påverknad frå persisk. Amir Khusro kalla språket han brukte «hindavi», den fyrste bruken av ei form av det moderne namnet for språket.

Frå slutten av 1300-talet og utover byrja skrifta å likna meir på bestemte dialektar istaden for ei dialektblanding. Dei viktigaste dialektane brukte i litteratur frå den tida var avadhi, bradjbhakha og radjasthani i Nord-India og dakkhini i Sør-India. På avadhi og bradjbhakha vart det skrivne fleire religiøse, særleg vaisjnavistiske, dikt, medan det vart skrive fleire episke og helteballadar på radjasthani. Men det var på dakkhini at hindilitteraturen blomstra.

Dakkhini er hindidialekten som vart, og framleis vert, tala i deccanområdet i Sørsentral-India. Språket kom dit med muslimske erobrarar som etablerte kongedøme der frå 1300-talet og utover. Dialekten vart forma av ei blanding av fleire hindidialektar, særleg khariboli, harianvi og avadhi, med påverknad frå marathi og med ei rekkje persiske og arabiske lånord. Det finst mange gude-, ære- og kjærleiksdikt på dakkhini.

Khariboli, hindi og urdu[endre | endre wikiteksten]

Denne litterære tradisjonen flytta nordover på 1600-talet, særleg under styret til mughalkeisaren Sjah Djahan. Tidlegare mughalkeisarar hadde hatt turki — eit tyrkisk språk — som morsmål. Sjah Djahan kunne ikkje turki. Samstundes hadde adelsmenn i mughalriket byrja å mista persisk, som hadde vore hoffspråk i mange hundreår, som morsmål. Språket som erstatta persisk som det vanlege litteratur- og adelsspråket heitte rekhta, ein dialekt basert på khariboli men med fleire ord og uttrykksmåtar frå persisk.

Bruken av rekhta i mughalhoffet splitta khariboli. Mange meinte at rekhta laut følgja adelsmenn sin forfina tale, med svært mange persiske og arabiske ord, og berre dei få orda av folkemålet som adelsmenn brukte. I nokre tekstar som brukte ei ekstrem form av denne normalen er postposisjonane og hjelpeverba dei einaste orda som hadde opphav i hindustani, som folkemålet hadde byrja å heita. Nokre diktarar, som Mir Taqi Mir, meinte motsett at rekhta laut vera meir folkeleg og kvardagsleg, og brukte ei språkform som hadde fleire hindustaniord, men det var det «forfina» språk som fekk flest brukarar. På 1740-talet fekk denne språkforma tilnamnet «zaban-e-urdu-e-mualla» («språket til den kongelege festninga», dvs til den raude borga der kongeætta budde). Namnet til denne språknormalen vart til «urdu» på slutten av 1700-talet.

Mange reagerte sterkt mot dette målbrigdet og prøvde å motstå det. På midten av 1800-talet grunnla Bharatendu Harishchandra, ein diktar, ein ny skriftnormal med utgangspunkt i ei blanding av «pandit hindi» — som hadde ein del, men ikkje for mange, sanskritord — og «munshi hindi» — som hadde fleire ord med opphav i prakrit og apabrahmsa, og færre ord med opphav i sanskrit eller persisk. Han ville at folk heldt seg frå bruken av «teth hindi», som var svært påverka av sanskrit, og «maulvi hindi», som var svært påverka av persisk. Moderne hindi er basert på normalen Bharatendu grunnla.

align="left"
Fleirtal på urdu skriftspråk og talespråk
Tyding Eintal Grammatisk
fleirtal
Kvardags
fleirtal
bok kitab kutub kitaben
dikt sjer asjár sjeren
ord lafz alfáz lafzen
ein otte fikr afkár fikren

Forskjellane mellom hindi- og urduskriftnormalen voks over dei fylgjande åra, sjølv om talemåla var nesten det same. Hindi bytte ut hindustaniord av persisk opphav medan urdu bytte ut ord med opphavet i sanskrit. Sankrit også påverka hindiortografi, medan persisk påverka ortografien og grammatikken til urdu. Hindi brukte sanskritroter for å laga ord for nye tekniske og vitskaplege omgrep, medan urdu brukte arabisk og persisk. Det indiske kongresspartiet prøvde å gjenoppliva hindustani medan India kjempa mot den britiske kolonimakta, men ideen døydde med deling av landet etter sjølvstende i 1947. Den indiske grunnlova nemnde hindi og urdu som forskjellige språk, og styresmaktene som har ansvar for å utvikla språka prøver ikkje å sameina dei.

align="right"

Konjunksjonar på muntleg og skriftleg hindi
Muntleg form Skriftleg form Tyding
aur tathá og
athavá eller
magar tathápi men
is lie ateva difor
nahín to anyathá elles

Følgja av dette har vorte at skriftleg hindi og urdu har utvikla seg ikkje berre frå kvarandre men også frå talespråka, som framleis liknar mykje på kvarandre. Som tabellen til venstre viser har ofte ord av arabisk opphav dei same fleirtala på skriftleg urdu som på arabisk, sjølv om det ikkje passar urdugrammatikk. Sameleis bruker ofte skriftleg hindi, særleg i offentlege dokument, konjunksjonar henta frå sanskrit som er svært forskjellige frå konjunksjonane brukt i dagleg tale, som tabellen til høgre viser.

Brigdet gjeld også ordforråd. Språkforma som vert brukt i offentlege dokument på hindi kan vera uforståeleg for vanlege hinditalarar. Eit døme er ei statleg kunngjering om ei helseundersøking for småbarn. Ordlyden var Tín varsj tak ki áju ke tsjote balakon ka svásthja ka pariksjan hoga, som tyder «Det skal vera ei helseundersøking for barn under tre år» men var oppfatta av dei fleste landsbybuarar som «Det skal vera ei brytetevling for barn under tre år.» På urdu har overflødig bruk av lånord samansett på den persiske måten skapt fleire gjentakingar i talespråket. Dei ikkje-utdanna, til dømes, seier ofte sang-e-marmar ka patthar («stein av marmorstein») og labh-e-dariya ke kinare («breidda av elvebreidda») fordi dei ikkje har oppfatta at sang og labh tyder «stein» og «bard», og at orda har vortne samansette ifølgje persiske grammatiske reglar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • S.R. Faruqi: «Unprivileged Power: The Strange Case of Persian (and Urdu) in Nineteenth-Century India», Annual of Urdu Studies, 1998. 13:3-30 (tilgjengeleg på nettet)
  • J.J. Gumperz, «Language problems in the rural development of North India». Journal of Asian Studies 1957. 16:251-259.
  • T. Rahman, «Government Policies and the Politics of the Teaching of Urdu in Pakistan», Annual of Urdu Studies, 2002. 17:95-124. (tilgjengeleg på nettet)
  • A. Rai, A house divided: The origin and development of Hindi-Urdu, 1991, Oxford University Press, London.
  • R. Russell, «Some Notes on Hindi and Urdu». Annual of Urdu Studies, 1996. 11:203-208. (tilgjengeleg på nettet)