Spraglestrupemaursmett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Spraglestrupemaursmett
Foto: Dominic Sherony
Foto: Dominic Sherony
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Spraglestrupemaursmett
Utbreiinga av Spraglestrupemaursmett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Epinecrophylla
Art: Spraglestrupemaursmett E. fulviventris
Vitskapleg namn
Epinecrophylla fulviventris

Spraglestrupemaursmett, Epinecrophylla fulviventris, er ein liten sporvefugl i maurfuglfamilien.

Han er utbreidd i tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika frå nordaustlege Nicaragua til vestlege Ecuador. I Sentral-Amerika finst dei i låglandet opp til 700 meters høgd.

Spraglestrupemaursmett er vanlegvis 10 cm lang og veg 10,5 gram. Begge kjønn har olivenbrun underside, bleikare gulbrune undersida, og gråsvarte venger med gulbrune vengeband. Den vaksne hannen har ein gråsvart hals, tungt flekka med kvitt, ei gråleg toning over brystet, og mørke sider opp til hovudet. Den vaksne hoa har gulbrun hals og sentralt brystområde. Unge fuglar er lysare og meir kanelfarga enn dei vaksne, med mindre distinkte vengeband og bleik streking på undersida. Denne arten har eit tynnt rop tjip, og songen er ein høg tseek-tseek-tseek-tseek.

Spraglestrupemaursmett lever normalt som par eller små grupper, men kan ofte danna kjernen i ein fleirartsflokk. Det beitar på egg, larver og vaksne insekt og edderkoppar, tatt frå bladverk, epiphyte basar og slyngplanar i låg vegetasjon eller på bakken. Dette er ein vanleg fugl i våt underskog og i anna tilstøytande høg vekst. Hoa legg to kvite egg med lilla eller raudbrune flekker, som blir ruga av begge kjønn. Reiret er ein 15 cm djup pose fletta av plantefiber og daude blad. Det er heng opp frå ytste gaffelen av ein tynn kvist mindre enn 2 m over bakken. Begge kjønn matar ungane. På territoriale grensar, vil hannane stille seg 30 cm til ein meter frå kvarandre med senka hovud, oppblåst fjørdrakt og svaie i motsette retningar.

Han har tradisjonelt vorte plassert i slekta Myrmotherula, men er saman med andre medlemmar av den såkalla «flekkastrupegruppa», no plassert i den nye slekta Epinecrophylla. Dette blir støtta av resultat av molekylært arbeid, åtferd, vokalisering og morfologi.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Isler, M., D. Lacerda, P. Isler, S. Hackett, K. Rosenberg, and R. Brumfield (2006). Epinecrophylla, a new genus of antwrens (Aves: Passeriformes: Thamnophilidae). Proceedings of the Biological Society of Washington 119(4): 522-527.
  • Stiles, F. Gary & Skutch, Alexander Frank (1989): A guide to the birds of Costa Rica. Comistock, Ithaca. ISBN 0-8014-9600-4

Referansar[endre | endre wikiteksten]