Spreiing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om den fysiske prosessen. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Spreiing (fleirtyding).

Spreiing er ein fysisk prosess der banen til eit objekt eller ei stråle blir endra gjennom ei vekselvirking med eitt eller fleire andre objekt. Lys, lyd og partiklar i fart er døme på noko som kan spreiast. Ei rekke ting kan føra til spreiing, til dømes andre partiklar, bobler, dropar, celler i organismar eller ulik tettleik i mediumet objektet eller stråla går gjennom.

Fenomenet oppstår når ein avgrensa strålebunt går gjennom eit stoff slik at strålinga oppstår i andre retningar samstundes som intensiteten av den opphavlege strålen minkar.

Spire Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.