Springfield-rifle M1903

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Springfield rifle M1903

Springfield M1903 er eit amerikansk repetérgevær med innebygd magasin for fem skot. Det vart utvikla og produsert av den føderale regjeringseigde våpenfabrikken Springfield Armory i Massachusetts. M1903 byggjer på eit mauserkonsept. Dei første riflene vart leverte til hæren i 1903, men alt i 1906 vart ein ny patron utvikla for dette våpenet. Kaliber .30-06 vart standard geværammunisjon for USA sine militære styrkar til etter andre verdskrigen.

Springfield-geværet var standardgevær for amerikanske soldatar under første verdskrigen (USA deltok frå 1917), sjølv om mange òg bruka ein variant av det britiske Lee-Enfield-geværet. M1903 var standard tenestevåpen i det amerikanske infanteriet til 1936, da det skulle avløysast av det nye halvautomatiske Garand-geværet. Men sidan det var visse produksjonsproblem med dette, vart M1903 òg mykje bruka under andre verdskrigen, særleg i Stillehavskrigen. Både under andre verdskrigen og under Koreakrigen vart ein variant av M1903 bruka som skarpskyttargevær.

Kjelde: Tysk wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]