Springflod

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Springflo)
Springflod i Frankrike

Springflod er den høgaste floda i tidvasstabellane, og oppstår når sola og månen trekkjer vatnet i same retning. Same døgnet som det er venta springflod, er det venta at vass-standen er på det lågaste ved fjøre.

Springflod oppstår to gonger i månaden; ein til to dagar etter nymåne og fullmåne. Ved vår- og haustjamdøgn er skilnaden mellom flod og fjøre ekstra stor i springperioden. Grunna ein årleg variasjon vil springfloda vere aller høgst ved haustjamdøgn. Dersom verknaden frå vêret på vasstanden er stor og dette fell saman med springflod i denne perioden, kan det føre til ekstremt høg vasstand. Ein slik ekstremt høg vasstand kan også koma ved stormflod, som oppstår når (tilnærma) springflod fell saman med lågt lufttrykk og kraftig vind.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]