Sprogø

Koordinatar: 55°20′0″N 10°58′0″E / 55.33333°N 10.96667°E / 55.33333; 10.96667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°20′0″N 10°58′0″E / 55.33333°N 10.96667°E / 55.33333; 10.96667

Den «gamle» delen av Sprogø sett frå sørsida av øya.
Foto: Erik V. Pedersen, 1989
Teikning av Sprogø fyr frå seint på 1800-talet.

Sprogø er ei lita, verna dansk øy, som ligg i Storebælt. Ho ligg om lag midt i sundet, 6,7 km frå Sjælland og 8 km frå Fyn.

I dag er øya ein del av Storebæltsambandet, som knyter Fyn og Sjælland i hop med bruer og tunnel. Under konstruksjonen av sambandet vart øya kraftig utvida frå 38 til 153 hektar.

På den opphavlege delen av Sprogø står det bygningar att frå byrjinga av 1100-talet, ei festning bygd av kong Valdemar den Store. Under anleggsarbeidet vart det gjort omfattande arkeologiske undersøkingar, og mellom anna fann ein ut at det hadde vore folk her for meir enn 8 000 år sidan.

Øya har ingen busetnad i dag, men vert brukt av Sund og Bælt, selskapet som eig og driv bruene. Øya er òg eit naturreservat, og ofte vert det stelt i stand turar til øya.

Ein mørkare del av øya si historie fann stad mellom 1923 og 1959, då ein førte kvinner her som vart sett på som sjukleg promiskuøs, og då stort sett uønskte graviditetar. På denne tida vart dette sett på som ein svært human måte og gjere dette på, sidan kvinnene tidlegare vart sperra inne.

Fyret, som ein kan sjå på bilete, vart bygd av posttenesta i 1868 og erstatta det eldre fyret frå 1809. Det vart bygd på fundamentet til festninga frå 1100-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sprogø