Spurn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 53°34′33,44″N 0°6′41,23″E

Spurn sett frå lufta.
Foto: Stanley Howe, 1979

Spurn er ei smal, krummande sandtunge ytst søraust i East Riding of Yorkshire i England, ein del av soknet Easington. Tunga dannar den nordre breidda av Humber-estuaret ut mot Nordsjøen, og rekker med ei lengd på knapt 5 km nesten over halve breidda av estuaret. På det tynnaste er neset berre rundt 45 meter breitt. Spissen heilt sør på neset er kjend som Spurn Head eller Spurn Point.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tidvatn sett frå Spurn Head.

Halvøya blir danna av sand og grus vaska ut frå Holderness-kysten i nord. Heile denne kysten sør for Flamborough Head er sterk utsett for erosjon. Hav- og tidevasstraumane gjer at noko av lausmassane ender opp som ei landtunge ytst ved munningen av Humber. Her krummar ho seg litt innover elva, og er dermed verna frå havbølgjene. Lausmassar som blir vaska rundt Spurn bidreg til å gjera enden breiare enn resten av halvøya.

Forskarar meiner sandtunga ved munningen av Humber går gjennom ein syklus som inneber at ho byggjer seg opp og blir vaska bort over eit tidsrom på om lag 250 år. Kvar gong oppstår halvøya litt lengre vest. Dette kjem truleg av at Holderness gradvis blir erodert vekk, og dermed forsvinn som ly for tunga. Det er også mogleg at sandbanken ikkje forsvinn heilt, men gradvis flytter seg over tid.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Namnet Spurn Point blei skrive ned første gong i 1675. Tidlegare landtunger har hatt ulike namn og bruk. På 600-talet skal Wilgils, far til heilage Willibrord, skal ha slått seg ned som einebuar på halvøya.[2] På denne tida kan ho ha vore kjend som Cornu vallis på latin, 'Dalhornet'.[3]

Etter Slaget ved Stamford Bridge i 1066 drog Olav Kyrre og restane av den slegne hæren til far hans, Harald Hardråde, frå Hrafnseyr, ei anna tidlegare form av halvøya.[4] Mellomalderhamna Ravenser Odd var viktigare enn Hull på 1200-talet, men forsvann i løpet av 1300-talet.

Den seinare byen Ravenspurn blei skipa på 1400-talet, noko nord for der Ravenser Odd hadde vore. Staden blei nytta som hamn av fleire tronkrevjarar og seinare kongar, som Henry IV i 1399 og Edvard IV i 1471.

To fyr og bølgjebrytarar på Spurn.

I 1849 blei halvøya delt opp i fleire småøyar av havet, og ein forsøkte verna henne med bølgjebrytarar og tilført materiale.[5]

Byggverk og reservat[endre | endre wikiteksten]

Ein har bygd fleire fyr på Spurn. Det eldste ein kjenner til blei bygd i 1420-åra av ein einebuar, William Reedbarrow. Ingeniøren John Smeaton bygde eit høgt og eit lågt fyr på 1700-talet. Det siste fyret, bygd i 1895, gav både høgt og lågt lys. Det blei teke ut av drift i 1985 etter at ny skipstekonologi hadde gjort det unødvendig.[6]

Sandtunga høyrer til Yorkshire Wildlife Trust og er verna som eit nasjonalt naturreservat, som Heritage Coast ('arvekyst') og som fuglereservat saman med mudderflatene ved Humber. Neset er stoppestad for tusentals trekkfuglar, og det er sett opp eit fugleobservatorium her.

Royal National Lifeboat Institution har ein redningsstasjon på Spurn Head. Han er den einaste livbåtstasjonen i Storbritannia med fast mannskap buande.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare formasjonen Ravenspurn er nemnd (som Ravenspurgh) i fleire av Shakespeare sine kongestykke.

Andante sostenuto i E-moll, i den andre av Six Studies in English Folk Song for Cello frå 1926 Ralph Vaughan Williams, har namnet «Spurn Point».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Spurn