Ståande bølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ståande bølgjer eller stasjonære bølgjer er ei bølgjeliknande svingerørsle som dannar eit mønster av fastliggande knutar og bukar. Bølgja har altså ein konstant posisjon. To motsett retta bølgjer dannar ei ståande bølgje.

Fenomenet kan oppstå fordi mediet flyttar seg i motsett retning til bølgja, eller kan oppstå i eit stasjonært medium som følgje av interferens mellom to bølgjer som går i motsett retning. I det andre tilfellet er det for bølgjer med lik amplitude inga netto forplanting av energi.

I ein resonator der ståande bølgjer oppstår, vert dei kalla resonans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]