Ståltau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ståltau som er slitt slik at enkeltrådar har roke av

Ståltau eller vaier, òg kalla kabel, er tau bygd opp av fleire ståltrådar og eventuelt anna materiale. Oppbyggingsmåten varierer med formålet ståltauet skal brukast til.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Vanleg ståltau[endre | endre wikiteksten]

Oppbygging av ståltau med tråd, part og kjerne (eng. core)

I eit vanleg ståltau er ståltråd først tvinna saman til ein part (kordel). Fleire slike partar vert så tvinna omkring ein kjerne av fiber eller stål.

Vi karakteriserer ståltauet etter type og diameter. Typen er på forma a x b + c der

  • a = talet på partar i tauet
  • b = talet på trådar i kvar part
  • c = karakteriserer kjernen
Stålkabel

Døme (sjå figur til venstre): 6 x 19 + 1FC = 6 partar med 19 trådar + ein fiberkjerne.

Diameteren vert målt utanpå partane, der tauet er breiast.

Jo tynnare enkelttrådane er, dess mjukare vert ståltauet. Tau med tjukkare enkelttrådar vert sterkare. Slike tau brukast m.a. i vinsjar og stroppar i skogbruket.

Ståltau kan vere kryss- eller langslått. I krysslått ståltau, som er det vanlegaste, er trådane slått ein veg og partane slått motsett veg.

Spiraltau eller kabel[endre | endre wikiteksten]

Ein kabel eller spiraltau er tvinna i hop av mange enkelttrådar. Slike tau er stive, og brukast mellom anna til berekablar i taubanar og faste bardunar.

Anna ståltau[endre | endre wikiteksten]

Rotasjonsfattig ståltau er bygd opp av fleire lag med partar som har forskjellig slagretning, og konstruert for å motstå rotasjon.

Ein streng er ein massiv enkelttråd. I streng brukar vi mjuk jerntråd.

Tilpassing til bruk[endre | endre wikiteksten]

Enden av galvanisert ståltau brukt for bardunering

I endelause ståltau er endane spleisa i hop slik at tauet til dømes kan brukast i ein taubane som går rundt og rundt.

Ståltau kan vere varmforsinka (galvaniserte) eller blankolja. Blankolja ståltau vert bruka der det er mykje slitasje på tauet, slik at det er unødvendig å verne det mot rust.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det eldste metalltauet vi kjenner vart funne i Pompei. Det var 4 ½ m langt og spunne av 57 0,7 mm tjukke bronsetrådar. I 1825 vart dei første endelause ståltaua konstruert i Austerrike. Dei vart bruka til å trekke vognene på ein fjellbane. I 1835 starta bergingeniør C. P. Bergstén ein ståltaufabrikk i Falun.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Samset, Vinsj- og taubanesystemer i norsk skogbruk, Norsk institutt for skogforskning, 1981.
  • Knut Nedkvitne og Anton Arvesen, Skogbrukslære, Landbruksforlaget, 1984.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]