Stångby

Koordinatar: 55°45′4.0500″N 13°11′50.993″E / 55.751125000°N 13.19749806°E / 55.751125000; 13.19749806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°45′4.0500″N 13°11′50.993″E / 55.751125000°N 13.19749806°E / 55.751125000; 13.19749806 Stångby er ein tettstad i Lunds kommun i Skåne län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 677 innbyggjarar. Stångby ligg cirka fem kilometer nord for Lund

Dei fleste arbeidstakarane som bur i Stångby pendlar til Lund. Stångby består eigentleg av to stader med ein kilometers avstand. På den eldre, mindre staden Stångby kyrkby ligg mellom anna Stångby kyrka. Stångby stasjonsby er den eigentlege tettstaden, og ligg ved Södra stambanan. Stångby fekk jernbanestasjon i 1901 i samband med at det blei bygd dobbeltspor mellom Lund og Eslöv. Stångby har i dag togsamband 1-2 gonger i timen med Lund–Malmö og Eslöv–Höör

I Stångby ligg idrettshallen Tornahallen, samt ein filial til biblioteket i Lund. Våren 2005 var biblioteket trua med nedlegging, noko som resulterte i ein sterk lokal protestaksjon, som blei tatt til følgje. Det gamle stasjonshuset har mista den opphavlege funksjonen sin. Det fungerte ei stund som postkontor, og fram til 2004 blei det leigd av danselokalet og danseskulen Tango Trengtan.

Fotballklubben Torns IF kjem frå Stångby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]