Stéphane Grappelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stéphane Grappelli
Foto: Allen Warren, 1976
Grappelli i Deauville, 1991

Stéphane Grappelli (26. januar 19081. desember 1997) var ein fransk-italiensk jazzfiolinist som saman med Django Reinhardt stifta Quintette du Hot Club de France.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Grappelli lærte å spele fiolin og piano på eiga hand, og utan å ha hatt ein einaste lærar klarte han opptaksprøva til musikkhøgskolen i Paris. Her studerte han mellom 1924 og 1928. I studietida og ei tid etter tente han til livet som stumfilpianist og dansebandmusikar. I 1933 møtte han Django Reinhardt og stifta i lag med han Quintette du Hot Club de France. Dei spelte inn ei lang rekke album fram til 1939 og hadde stor suksess på konsertscenene. Da 2. verdskrigen braut ut 1. september 1939 var bandet på konsertturné i London. Reinhardt reiste rett tilbake til Paris, men Grappelli blei igjen i England.

I England stifta Grappelli eit nytt band med den unge pianisten George Shearing. Grappelli samarbeida med Django Reinhard etter òg, men utan å vere medlem av same gruppe. I 1950- og 1960-åra utvikla Stéphane Grappelli seg til å bli den viktigaste jazzfiolinisten og gjorde instrumentet sitt stuereint i jazzmusikken. Frå nå av spelte Grappelli inn album med alle store jazzmusikarar over heile verda eller reiste på konsertturnear med dei. 30. september 1966 fekk Duke Ellington i konserten «Violin Summit» dei den gongen fire mest kjente fiolinistane på same scene. I ulike sett opptredde Grappelli, Stuff Smith, Svend Asmussen og Jean-Luc Ponty. Saman spelte dei It Don't Mean a Thing (If It Ain't Got That Swing) .

Frå midten av 1970-åra reiste Grappelli ofte på konsertturnear, først med Diz Disley. I 1979 spelte han inn Tivoli Gardens, Copenhagen, Denmark med Joe Pass og Niels-Henning Ørsted Pedersen. 80-års dagen sin feira han med Gary Burton, Earl Hines, Martial Solal og Jean-Luc Ponty. Heilt til kort tid før han døydde spelte han inn studioopttak, òg med unge musikarar som til dømes Michel Petrucciani. Den siste innspelinga gjorde han rett før han døydde, så plata Celebrating Grappelli blei gitt ut posthumt.

Grappeli i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Grappelli spelte fleire konsertar i Noreg, første gong med Django Reinhardt i Gamle Logen i Oslo, 6. februar 1938, siste gong på Djangofestivalen i Oslo, januar 1994. Denne konserten blei gitt ut på CD (Hot Club Records HCRCD 101 og er produsert av Jon Larsen).

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stéphane Grappelli