Støl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Støl på 1950-talet.

Støl, eller støyl, er ein mjølkeplass i utmarka. Ofte kunne ein gå frå garden til stølen og tilbake att på éin dag, og ei budeie kunne vitja stølen morgon og kveld for å mjølka. Mange stølar låg likevel så langt unna at ein gjerne gjekk til stølen om kvelden, mjølka kyrne, overnatta i selet (selhus), mjølka om morgonen, før ein gjekk heim for å arbeida, vanlegvis ta del i slåtten, heime på garden ut over dagen, til det atter var tid for draga til støls. Nokre stader er ordet «støl» brukt synonymt med «seter». Ein mjølkeplass med flor, men utan sel, kan då kallast ein mjøstøl.

Førhistorisk støl[endre | endre wikiteksten]

Tuft 7 frå Svolset, jarnalderstøl i Leikanger i Sogn

Det er spor etter busetnad i fjellet langt bak i førhistorisk tid. Det kan vera vanskeleg å vita kva aktivitet ein skal knyta til desse spora. I steinalderen har busetningsspor i fjellet ofte samanheng med jakt. Frå bronsealderen byrja ein i stor utstrekning å nytta beiteressursane i fjellet, men det er få spor etter busetnad som kan daterast til bronsealderen. Det er ein del kokegroper i fjellområde som er daterte til bronsealderen. Det er vanleg å tenkja seg at ein ikkje hadde permanente stølshus i bronsealderen, men at gjetarar fylgde husdyra og at kokegropene er spor etter at desse gjetarane laga seg mat.

Frå jarnalderen har me mange spor etter stølsbruk, særleg i Vestlandsfjella. Dei mest vanlege arkeologiske spora frå denne aktiviteten har me i form av tufter, kokegroper og skålgroper. Enkelte stadar er det mange tufter samla på ein stad, medan andre stadar ligg tuftene meir spreidde. Det finst enkelte spreidde tufter som kan daterast til hundreåra før Kristus, men i hovudsak kan ein datera stølstufter til perioden frå romartid og frametter. Det var fyrst på slutten av 1970-talet at arkeologane vart klar over tidsdjupna som er i enkelte stølsområde. Det var særleg ved dei mange arkeologiske undersøkingane i samband med utbygging av fleire vassdrag på Vestlandet at ein kunne påvise førhistorisk stølsbruk i stor utstrekning.

På mange av dei kjende førhistoriske stølane finn ein jordfaste steinar med skålgroper. Dette er bakgrunnen for at desse helleristningane også er blitt kalla stølsristningar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Reinton, L. 1955. Sæterbruket i Noreg.
  • Skrede, M.A. 2002. Utmark og gard. Nærstudie av tufteområde i Friksdalen i Leikanger, Sogn og Fjordane. Upublisert hovudoppgåve i arkeologi frå Universitetet i Bergen.

«støl» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]