Støypejern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Støypejern eller gråjern er ei legering av jern og karbon der karboninnhaldet er høgare enn 2,1 %. Material med lågare karboninnhald blir rekna som stål. Støypejern er sterkt, lett å støypa, er nokså støytdempande og rimeleg å laga, men er òg ganske sprøtt, og kan slåast sund med hammar eller sleggje.

Ein bruker støypejern mellom anna til omnar, kumlokk, sylinderfôringar til skipsmotorar. Det er òg blitt nytta i bilmotorar, men er i dag stort sett erstatta av aluminiumlegeringar. I industrien er legeringa meir og meir blitt avløyst av kulegrafittjern, også kalla seigjern.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.