Støytdempar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oljefyllt støytdempar.
A: Stempelstong
B: Maksimumnivå
C: Yttre volum
D: Stempel
E: Frontkammer
F: Ventil

Støytdempar er ein komponent som absorberer energi og soleis innfører demping i eit masse-fjør-system. Støytdemparar på køyretøy er vanlegvis oppbygde som to sylindrar, den eine inni den andre. I den indre sylinderen er det plasser eit stempel, festa til ei stempelstog. Stempelstonga og den andre enden av støytdemparen er festa til ramma, karosserier, ein aksling eller ei berearm til hjulopphenget.

Verkemåte[endre | endre wikiteksten]

Når hjula går over ein hump i vegen vert fjørene pressa saman og stemplet vert trykt innover i sylinder. Oljen i kammeret framom stemplet vert då pressa gjennom ein ventil og inn i det ytre kammeret. Når humpen er passer vert stemplet trekt utover att og olje må passera gjennom ventilen og inn i det indre kammeret framom sylinderen. Viskositen til oljen fører til at noko av energien som er lagra i det svingande systemet går over til terminsk enegi, som aukar temperaturen til oljen. Denne energien vert i sin tur overført til lufta rundt demparen, slik at temperaturen ikkje vert for høg. Ved å variera storleiken på opningane i ventilen kan Q-verdien til systemet avstemmast.

Hovudoppgåva til ein støytdempar er å absorbera energi og slik dempa eit svingesystem, men nokre støytdemparar er kombinerte med ei luftfjør.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]