St. Andrews

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

St. Andrews

skotsk-gælisk
skotsk
Cill Rìmhinn
Saunt Aundraes
St Andrews, seen from the top of St Rules Tower
St Andrews, seen from the top of St Rules Tower
Plassering
St. Andrews is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Fife
Tradisjonelt grevskap Fife
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

16 680
Koordinatar 56°20′″N 2°48′″WKoordinatar: 56°20′″N 2°48′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KY16
Telefon-retningsnummer 0 1334
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: St. Andrews

Royal Burgh of St Andrews er ein kystby i regionen Fife i Skottland. Han har kring 16 500 innbyggjarar og ligg på austkysten mot Nordsjøen mellom Edinburgh og Dundee. Byen er namngjeven etter apostelen Andreas, som på grunn av ein mistyding mellom dei latinske orda «Scotia» og «Scythia», vart adoptert som den skotske nasjonalhelgenen under anglifiseringa av Den heilage Andrew.

Byen vert ofte omtalt som «golfens mekka» fordi Royal & Ancient Golf Club of St. Andrews saman med USGA er organet til golfsporten for tolking og vedlikehald av golfreglane og dessutan fordi området St. Andrews Links med banane sine er kjent som den opphavlege heimstaden til golfsporten. Den kjende golfpioneren Tom Morris sr. (Old Tom Morris) ligg gravlagt på kyrkjegarden til byen saman med den kjende sonen sin Tom Morris jr.. Old Tom er spesielt kjent for sine mange gode banedesign, bl.a Prestwick, Royal Dornoch, Muirfield, Carnoustie, Royal County Down, Nairn, Cruden Bay og Machrihanish.

University of St Andrews vart grunnlagt i 1413 og er det eldste universitetet i Skottland og det tredje eldste i den engelsken-språklege verda. Det er òg eit av dei mest prestisjefylte universita i Storbritannia, rangert som nummer tre av The Guardian University Guide 2012.[1]

Byen var opphavleg ein piktisk festning før det vart ein kongeleg burgh i 1124.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Guardian University Guide 2012