St. Catherine's Down
| St Catherine's Down | |
|---|---|
| Høgd over havet | 237 moh |
| Ligg i/på | Isle of Wight i England |
St. Catherine's Down er nokre grasskledde bakkar av krit på Isle of Wight. Det ligg nær St Catherine's Point, det sørlegaste punktet på øya mellom byane Niton og Chale. Det er 240 meter på det høgaste.
På denne åsen ligg St. Catherine's Oratory, lokalt kalla «Pepperpot», eit steinfyr bygd på 1300-talet av Walter De Godeton. Det er det nest eldste fyret på Dei britiske øyane. Berre fyret i Dover, bygd av romarane, er eldre.
Visstnok vart de Godeton dømd for å ha teke vin som høyrte til kyrkja frå vraket av St. Marie av Bayonne i Chale Bay. Han måtte gjere bot og vart truga med bannlysing, så han bygde dette fyret. Fyret vart tent for å varsle skip om den farlege kysten.
Det vart bygd eit kapell ved fyret, men dette vart øydelagd for lenge sidan. Bygginga av eit nytt fyr starta i 1785, men det vart aldri ferdig. Lokalt vert dette uferdige fyret kalla «salt pot».
St. Catherine's Point er ofte dekka av skodde, så det er ikkje den beste staden å setje eit fyr.
Nord på St. Catherine's Down står Hoy Monument. Hoy Monument vart bygd av Michael Hoy i 1814 til minne om at den russiske tsaren hadde vitja Storbritannia. Det ligg ein plakett ved monumentet til minne om soldatane som miste livet i krimkrigen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «St. Catherine's Down» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2010.