St. Elizabeth-flaumen i 1421

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Måleri av St. Elizabeth-flaumen

St. Elizabeth-flaumen (nederlandsk Sint-Elisabethsvloed) i 1421 var ein flaum i Nederland. Natt til 19. november råka ein kraftig storm kysten av Nordsjøen og eit dike brast fleire stader slik at polderane som låg under havnivå vart oversvømd. Mange landsbyar forsvann i flaumen og mellom 2 000 og 10 000 menneske mista livet. Flaumen førte til enorme øydeleggingar i Zeeland og Holland og skilde byane Geertruidenberg og Dordrecht som tidlegare hadde kjempa mot kvarandre under krok- og torskekrigen.

Det meste av området vart liggjande under vatn i fleire tiår. Etter kvart vart landområde drenert igjen, mellom anna øyane Dordrecht og Hoeksche Waard og nordvestlege område av Noord-Brabant (rundt Geertruidenberg). Det meste av Biesbosch-området har vore dekt av vatn sidan flaumen.

Årsaka til flaumen var altså at dika brast og ikkje som den store Nordsjøflaumen i 1953 som vart skapt av stomflod.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: St. Elizabeth-flaumen i 1421