St. Hanshaugen park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°55′36.275″N 10°44′27.377″E / 59.92674306°N 10.74093806°E / 59.92674306; 10.74093806

Tårnhuset på toppen av St. Hanshaugen. Dette tårnhuset, saman med tårnet på Gamle Aker kyrkje, er modell for logoen til Bydel St. Hanshaugen. Under flata framfor tårnhuset ligg det eit lukka drikkevassbasseng med eit grunt pyntebasseng på taket. Då tårnhuset vart bygd, var bassenget for drikkevatn ope.
Foto: Helge Høifødt
Trappene frå toppen av St. Hanshaugen og ned mot uteserveringa i parken. Frå haugen er det godt utsyn i alle retningar over byen og omgjevnadene, og til Bunnefjorden og Indre Oslofjord med landet ikring
Foto: Helge Høifødt

St. Hanshaugen er ei høgde med park på og ikring, som ligg sentralt i Oslos indre byområde, ikkje langt frå Gamle Aker kyrkje. Parken har gjeve namn til strøket ikring og til den administrative bydelen Bydel St. Hanshaugen, som parken ligg i.

Parken vart opparbeidd frå 1850-talet og framover, og var den fyrste parken kommunen tok seg av då tanken om eit offentleg parkvesen byrja gjere seg gjeldande i 1875. Tårnhuset på toppen av St. Hanshaugen, som vart bygd i samband med eit drikkevassbasseng for byen, kan sjåast frå mange kantar av byen. I tidlegare tider vart det heist opp merke etter eit fast system i masta på toppen av tårnet for å gje folk varsel om kva slags vêr som var i vente.

Restaurantbygningane i parken, fotografert ikring 1900.

Storleiken på parken er om lag 89 dekar, og han er om lag 800 meter lang i nord-sør-retninga. I indre Oslo er det berre Slottsparken som er større. Parken er avgrensa av gatene Geitmyrsveien mot aust og nord, Colletts gate og Ullevålsveien mot vest, og i sørenden av den vesle plassen Knud Knudsens plass (som fram til 1962 heitte St. Hansplassen). Toppen av haugen, der tårnhuset og drikkevassbassenget ligg, har ei høgd over havet på 83 meter, og dette er nok til å gje eit vidt utsyn over både dei sentrale områda av byen og over omgjevnadene. På taket av drikkevassbassenget ligg eit grunt basseng som berre er til pynt, men som likevel vert nytta som plaskedam av borna i området.

St. Hanshaugen vart opparbeidd som ein promenadepark i landskapsstil (ofte kalla «engelsk stil»), med gangvegar i slyng og bakkar gjennom terrenget, ein kunstig bekk med bru over og ein svanedam i nedste enden, og her er sett opp fleire skulpturar. Det vart opphavleg planta 1275 tre av ulike slag, som no har vorte gamle og store, og i fleire høve har dei måtte hoggast ned og erstattast med nyplantingar. I parken har det stått eit par restaurantbygningar, som seinare vart råka av brann og rivne, og ikkje vart oppattbygde. No er det friluftsservering i sommarhalvåret på ei terasse sør for Festplassen i sørskråninga av haugen.

På Festplassen i sørskråninga ligg det ei scene som tidlegare vart nytta til konsertar og underhaldningsframsyningar under såkalla parkkveldar, og som framleis vert nytta til ymse arrangement, mellom anna ein årleg parkkveld i regi av den kommunale Friluftsetaten, og dessutan fleire andre arrangement. I den seinare tida har det òg vore arrangert årlege festivalar på ettersommaren med friluftsframsyning på scenen av ein av dei gamle og velkjende spelefilmane.