Øya St. Ivan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå St. Ivan øy)
St. Ivan
øy
Land  Bulgaria
Areal 0,66 km²
Folketal 0
Kart
St. Ivan øy
42°26′19″N 27°41′34″E / 42.438611111111°N 27.692777777778°E / 42.438611111111; 27.692777777778
Wikimedia Commons: St. Ivan Island

St. Ivan øy (bulgarsk Свети Иван) er den største bulgarske øya i Svartehavet med eit areal på 0,66 km². Ho ligg nær Sozopol, ein by med ei rik historie og ein populær turiststad, og berre eit par meter frå naboøya St. Peter øy.

St. Ivan er kjend for St. Johannes Kloster, som låg her på 1100- til 1300-talet. Kyrkja til klosteret ligg på sørsida av øya og har same namn som klosteret ((Ivan er den bulgarske utgåva av namnet Johannes (eller John)). Kyrkja vart bygd i 1263.

I 1985 vart det starta arkeologiske utgravingar på øya, og i dag kan ein sjå restane etter to kyrkjer, ein kongeleg residens, eit bibliotek, delar av ein festningsmur med ein port og fleire munkeceller.

I 1884 vart det bygd eit fyr på øya av franske ingeniørar, som peikar utover Burgasbukta, og som framleis er bevart. Restane av eit gamalt romersk fyr frå det 1. hundreåret er òg funne på same stad.

Øya er òg eit naturreservat der 72 forskjellige fugleartar, som hekkar på berga på og rundt kysten. Tre av desse er utryddingstrua på verdsbasis, medan 15 av dei er utryddingstrua i Europa. St. Ivan er òg busett av andre sjeldne dyreartar, som munkselar. Berga på øya er dekte av svarte blåskjel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]