St. John's på Newfoundland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjå også: Saint John's, hovudstaden på Antigua og Barbuda.

St. John's på Newfoundland
St. John's

St. John's Collage.jpg
Kallenamn
«The City of Legends»
Motto
«Avancez»
(Gå framover)
Plassering
St. John's på Newfoundland is located in Newfoundland og Labrador
Styresmakter
Land Flag of Canada.svg Canada
Provins Newfoundland og Labrador
Grunnlagd 5. august 1583
Borgarmeister Dennis O'Keefe
Geografi
Koordinatar 47°34′3″N 52°42′26″WKoordinatar: 47°34′3″N 52°42′26″W
Høgd over havet 0–147 moh
Tidssone NST (-3:30)
Diverse annan informasjon
Telefon-retningsnummer 709
Nettstad: www.stjohns.ca

St. John's (fransk Saint-Jean) er provinshovudstaden i Newfoundland og Labrador i Canada og har kring 100 000 innbyggjarar. Han ligg aust på AvalonhalvøyaNewfoundland. St. John's er den største byen i provinsen[1] og den nest største langs den kanadiske Atlanterhavskysten etter Halifax. Han har òg det 20. største storbyområdet i Canada med kring 185 000 innbyggjarar.[2] Byen har ei lang og levande soge og er den eldste byen som engelskmennene grunnla i Nord-Amerika.[3]

Storbyområdet kring St. John's er det området i Newfoundland og Labrador og langs den kanadiske Atlanterhavskysten som veks raskast.[4] Dette området omfattar Mount Pearl og elleve andre byar.

Hamna i St. John's vart mykje nytta av europeiske fiskarar frå tidleg på 1500-talet og vart offisiellt grunnlagd som ein busetnad då sir Humphrey Gilbert erklærte Newfoundland for engelsk koloni i 1583.[5] Opphavet til namnet St. John's er ukjend og dukka først på portugisiske kart som Rio de San Johem på 1500-talet etter kart frå kartografen Pedro Reinel (? – ca 1542). I følgje segna kjem namnet frå den italienske oppdagaren Giovanni Caboto, som gjekk i land på Bonavista den 24. juni 1497.[6]

Siste halvdel av 1900-talet har St. John's hatt ein lang og velståande periode innan fiskeindustrien og han har vorte til eit moderne senter for eksport og tenester. Han er kjend for nattelivet og den rike musikkulturen. Nyleg har oppdaginga av oljefelt i havområda utanfor byen ført til økonomisk oppsving med folkevekst og kommersiell utvikling, og byen står i dag for om lag halvparten av inntektene til provinsen i dag.[7]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: St. John's på Newfoundland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]